Vi inviterer til folkemøte: Framtidas areal- og naturressursbruk rundt Florelandet nord

Den 28. januar inviterer vi deg til folkemøte i Florø for å diskutere korleis vi saman kan finne balansen mellom utvikling og vern av naturressursane våre. Målet er å utvikle løysingar som sikrar både næringsutvikling og ei berekraftig framtid, til det beste for både lokalsamfunn og miljøet.

På møtet deltek representantar frå kommunen, næringslivet og frivillige organisasjonar - og vi er heilt avhengige av innspel frå dykk som bur her for å skape ei framtid vi kan vere stolte av.

Som innbyggarar i Florø er vi heldige som har tilgang på både rik natur og sterke næringslivsaktørar. Samtidig har vi eit stort ansvar for å forvalte desse ressursane klokt. Målet med dette folkemøtet er å lytte til næringslivet og dykk som bur her, og saman finne løysingar som gjer at vi kan møte framtidas behov på ein berekraftig måte.

Med dette møtet ønskjer vi å starte den offentlege prosessen med å fullføre arealdelen, spesielt knytt til næringsareal på Florelandet nord.

Vi prøver også med dette å vere tidleg ute med informasjon, og er på tilbodssida med informasjonsmateriell til dykk. Håpet vårt er at så mange som mogleg engasjerer seg og deltek på dette folkemøte om areal- og naturressursbruk i Florø.

Vel møtt!

Tid og stad for møtet

Tysdag 28. januar, Kl. 18.00 – 21.30 på Florø kulturhus, festsalen.

Program for folkemøtet

Program for folkemøtet
TidTemaPresentør
18.00VelkomenOrdførar Bengt Solheim-Olsen
18.10Status i arbeidet med arealdelen av kommuneplanenArlene Vågene
18.20Aktuelle problemstillingararealplanleggar Janicke Svendal
18.30Kraftsituasjonen i FlorøLinja, Atle Isaksen
18.45Fjordbase sine utviklingsplanarFjordbase, Ole Schanke Eikum
19.00WIS-gruppen sine utviklingsplanarWIS-gruppen
19.15Florø bulystforeningStein Malkenes
19.30AlternativvurderingarAsplan Viak, Øyvind Sunfjord
20.00Stasjonsarbeid, 5 grupper, Fjordbase, WIS-gruppen, Bulystforeninga, Kinn kommune, LinjaGuppearbeid
Spørsmål til gruppearbeid:Er det noko med innhaldet i initiativa vi lurar på? Er det meir vi må vite?
Spørsmål til prosessen, og korleis kan eg påverke?
20.45Oppsummering frå dei 5 gruppene, med spørsmål/debatt
21.15Spørsmål/kommentarar
21.30Slutt