Vi har i samarbeid med Helse Førde og Sunnfjord kommune, sendt inn ein søknad til Helseteknologiordninga, og fått midlar til eit nytt spennande prosjekt. Føremålet er å greie ut korleis teknologiske løysingar kan legge til rette for betre samhandling mellom kommunale helsetenester og sjukehus. Dette vil sikre gode opplevingar for pasientar ved innlegging, under opphald og ved utskriving, mellom sjukehus og omsorgsinstitusjonane våre.
Bruk av eksisterande infrastruktur
Imatis er knutepunktet som binder saman alle våre helse- og velferdstenester, og det startar med tildelingsavdelinga. Tildelingsavdelinga er dei som handsamer søknader om kommunale helse- og velferdstenester, og tildeler desse tenestene til brukarane våre. Det nye i prosjektet vi har fått midlar til no, er at vi vil binde saman informasjon frå Helse Førde i ein felles eksisterande infrastruktur. No er altså tanken å utvide moglegheitene som ligg i det eksisterande systemet som både helseføretaka og kommunane nyttar seg av.
Slik fungerer Imatis

Tildelingsavdelinga ser nøyaktig kor tid pasienten kjem frå sjukehuset, ser kvar det er ledige rom på institusjonane våre, registrerer at reinhald må reingjere før pasienten kjem, legg inn matservering og eventuelle allergiar. I tillegg meldast det frå om behov for time med fysioterapeut.
Alt dette skjer i sanntid, slik at både reinhald, Bordgleder og fysioterapeut veit når dei må gjere noko. Dette skapar ein føreseieleg kvardag, der alle veit kor tid dei må vere på plass for å utføre eit arbeid slik at våre bebuarar får gode tenester.
Prosjektet skal avdekke moglegheiter for meir effektiv samhandling i framtida
Behovet for effektiv samhandling mellom kommunehelsetenesta og sjukehusa er aukande. Dagens system for meldingsutveksling er tidkrevande, og prosjektet har som mål å kartlegge korleis sanntidsdeling av informasjon kan forbetre pasienttryggleik og arbeidsflyt for helsepersonellet på sjukehusa og omsorgsinstitusjonane. Gjennom prosjektet skal vi identifisere kva informasjon som er mest nyttige å dele, og avklare juridiske og tekniske utfordringar undervegs.
Framtidige gevinstar
Prosjektet bygger på internasjonale standardar for datadeling i helsesektoren. Målet er at systema skal vere uavhengige og basert på nasjonale standardar. Ved å dele erfaringane frå prosjektet kan andre kommunar og helseføretak nytte dette som grunnlag for eigne samhandlingstiltak. Vi har allereie registrert stor interesse frå andre kommunar som vil spele vidare på erfaringane dette prosjektet vil gi oss.
Prosjektet vil ha fleire målgrupper; pasientar og brukarar av helsetenestene, og helsepersonell i kommune og sjukehus. Ved å dele informasjon i sanntid kan pasientar få ein tryggare og meir effektiv helseteneste, medan helsepersonell får betre verktøy for oppfølging og behandling. Vi får også ein meir føremålstenleg og effektiv utnytting av ressursane til personellet ved sjukehus og omsorgsinstitusjonane.
Samarbeid og forankring i leiing
Prosjektet er godt forankra i alle samarbeidande organisasjonar. I Kinn kommune er det kommunalsjef Norunn Stavø som har hovudansvaret, medan Helse Førde sin samhandlingssjef, Dagrun Kyrkjebø, har hovudansvaret på sjukehussida. Sunnfjord kommune deltek som samarbeidspart for erfaringsutveksling.
Vegen vidare
Gjennom prosjektet vil vi kartlegge moglege gevinstar ved sanntidsdeling av informasjon og legge grunnlaget for ein pilotfase neste år. Erfaringane blir delt med andre aktørar, og prosjektet støttar opp om nasjonale og kommunale føringar for digitalisering og effektivisering av helsetenestene.