Vi forbetrar innsynsløysinga vår

Rett til innsyn i offentleg forvaltning er ein av dei viktigaste grunnsteinane i demokratiet. Den bidrar til at du får tilstrekkeleg, relevant og god informasjon om det som vert behandla av myndigheitene. No tilbyr vi ei ny og endå betre løysing for deg som vil sjå oss i korta.

Med vår nye innsynsløysing gjer vi det enklare for deg å finne fram i saker, dokument og politiske prosessar. Den er utvikla i samarbeid med innbyggarar, journalistar, nettredaktørar og arkivarar.  I tillegg er den universelt utforma, og bygger på klarspråkprinsipp.

Gå til innsynsløysinga her

Betre tilgang med eitt søk

I den nye løysinga kan du søke etter alle saker og dokument frå ei og same side. Mellom anna kan du søke på emneord, avsendar og periode, eller bla i dokumentregisteret som du før har gjort i postlista. Søkefunksjonen kan minne litt om Finn.no.

Du får betre tilgang til saker og dokument som til dømes post til og frå kommunen, byggesaker og saksutgreiingar. Slike dokument ligg ute i innsynsløysinga i 730 dagar etter dei blir oppretta. Du får også betre oversikt på politisk verksemd, som til dømes møter, saker og vedtak, oversikt over folkevalde, råd og utval. Saker og dokument som vert handsama politisk blir aldri fjerna frå innsynsløysinga, med unntak av historiske dokument frå dei gamle kommunane.

Kunstig intelligens i bakkant

Den nye løysinga har innebygd KI som hjelper arkivarane våre med kvalitetskontroll. Til dømes finn løysinga automatisk ut om eit dokument inneheld personnummer eller ikkje. Dokument som inneheld personnummer vert plukka ut for kontroll, og blir skjerma for offentleg innsyn. Dette er ein stor fordel når det potensielt er fleire hundre dokument som må gjennom kontroll per dag.

Gamle arkiv blir fjerna

Dei gamle historiske arkiva frå Vågsøy og Flora blir fjerna frå innsynsløysinga når vi går i drift med den nye. Det betyr at du må ta kontakt med oss på post@kinn.kommune.no for å få innsyn i slike historiske dokument.