Vi fekk besøk av ein ekspert innan psykisk helse og førebygging

I starten av november var Arne Holte på besøk i Måløy og Florø å snakke om korleis ein kan fremme psykisk helse og førebygge psykiske plager. 

Kinn kommune har sidan 2020 vore med i Helsedirektoratet si satsing «Program for folkehelsearbeid i kommune» som har som hovudmål å styrke barn og unge si psykiske helse. Programarbeidet har frigjort ressursar til å auke kunnskap og kompetanse om temaet.

Ein etterspurd føredragshaldar

Holte er ein svært etterspurt føredragshaldar både nasjonalt og internasjonalt. Han er professor emeritus i helsepsykologi ved Universitetet i Oslo, og tidlegare assisterande direktør for Folkehelseinstituttet. Du kan lese meir på Holte si heimeside.

Holte arbeider med befolkningsretta strategiar for å fremme psykisk helse og førebygge psykiske lidingar i Norge. Han baserer alt han formidlar på forsking, og forskar sjølv på effektive psykiske helsetiltak i barnehage og skule. Hans hovudbodskap er at vi kan førebygge depresjon på ulike arenaer, og at vi med dagens kunnskap kan halvere førekomsten av psykiske plager blant barn og unge.  

Holte har eit spesielt fokus på å tilrettelegge for universelle tiltak, barnehagen og skulen spelar ei viktig rolle i dette arbeidet. Han la vekt på at depresjonsførebygging bør starte tidleg, allereie i barseltida om nødvendig.

Viktige resultat for Kinn i forsking

Kosthald, fysisk aktivitet og søvn vart poengtert som viktige kjelder for barna si utvikling og korleis dette påverkar den psykiske helsa. I programarbeidet har søvn og søvnvanar hos barn og unge vore kartlagt, det viser at mange barn og unge i Kinn kommune søv for lite. Bruk av skjerm seint på kveld, spesielt i helger er ein viktig årsak til dette.

Holte stilte kritiske spørsmål til måla i Opplæringslova, som han meiner er for lite konkret på korleis barn og unge skal lære om si psykiske helse, og strategiar for å meistre  kvardagens utfordringar. På lik line med kompetansemål om fysisk aktivitet og kosthald.

Fagdag for tilsette og innbyggarar i Florø og Måløy

5. og 6. november arrangerte kommunen fagdag for tilsette både i Måløy og Florø. Holte snakka her entusiastisk om kva kommunen kan gjere for å styrke barn og unge si psykiske helse. 220 tilsette deltok på fagdagen.

Det vart arrangert opne møter på ettermiddagen for alle på Parken kulturhus og Florø kulturhus. Her møtte det tilsaman om lag 300 personar.

Holte deltok òg på eit internt arbeidsmøte med tenesteleiarar i kommunen. Her diskuterte vi kommunen sine strategiar og planar for arbeid med barn og unge.

Vi har følgt utviklinga i Kinn sidan 2014 og innfører det i planverka våre

Kinn kommune har gjennomført fem ungdatakartleggingar sidan 2014, og har såleis følgt utviklinga lokalt. Kommunen er på nivå med landet, også våre ungdommar rapporterer om auka psykiske plager. Det er likevel positivt at vi ser vi ein liten nedgang i sjølvrapporterte psykiske plager i ungdataundersøkinga i 2024.

Søvn og søvnvaner her eitt av områda vi har hatt fokus på. Vi ønskjer å styrke kunnskapen om dette og meir foreldrerettleiing er eitt av tiltaka vi arbeider med, mellom anna gjennom programmet “Snakke saman-vere saman”.

Psykisk helse er tema i kommunen med sterk planforankring. Temaplanar på oppvekst, helse og velferd, samt førebyggande plan for barn og unge har alle fokus på tiltak for å styrke barn og unge si psykiske helse. Det vert arbeidd med dette på universelt nivå, med tilrettelegging for lågterskeltilbod som gagnar alle. Samstundes arbeider kommunen med å styrke det systematiske arbeidet for å følge opp enkeltsaker. Kommunen skal organisere ressursane som jobbar tiltaksbasert retta mot barn og unge slik styrkar vi den tverrfaglege tilnærminga og gjev rett hjelp til rett tid.