Tidleg hjelp når utfordringane oppstår
Barn og unge som slit psykisk, opplever utanforskap eller møter utfordringar i kvardagen, skal få hjelp så tidleg som mogleg. Tilskotet gjer det mogleg å styrke Familiehjelpa og vidareutvikle eit tilbod der terskelen for å ta kontakt er låg.
Målet er at fleire skal få støtte frå oss før utfordringar veks seg store, og at hjelpa skal vere lett tilgjengeleg for både barn, ungdom og familiar.
Eit sterkare tilbod til barn, unge og familiar
Familiehjelpa samlar fleire fagmiljø og arbeidsmåtar for å møte ulike behov hos barn og unge. Tilbodet bygger på kunnskapsbaserte metodar og tett samarbeid med familiar, skular og andre kommunale tenester.
Gjennom styrka kapasitet kan fleire få hjelp, rettleiing og oppfølging når dei treng det.
Musikkterapi - ein veg til meistring og deltaking
Ein del av satsinga er å styrke musikkterapi som lågterskeltilbod for ungdom.
For nokre ungdomar kan musikk vere ein naturleg inngang til relasjonar, meistring og samtalar om det som er vanskeleg. Musikkterapi kan bidra til å styrke psykisk helse, redusere utanforskap og støtte ungdom i skule- og kvardagslivet.
Tilbodet heng saman med det øvrige hjelpetilbodet til barn og unge i kommunen.
Saman om gode oppvekstvilkår
Statsforvaltaren i Vestland mottok søknader for om lag 64 millionar kroner, medan om lag 35 millionar kroner var til fordeling. Barn og unge var eit prioritert område i tildelinga.
For Kinn kommune er tilskotet ei viktig støtte til arbeidet med å skape trygge oppvekstvilkår, styrke deltaking og sikre at barn, unge og familiar får hjelp når dei treng det.
Ønskjer du kontakt med Familiehjelpa i Kinn?
Les meir om tilbodet og ta kontakt med Familiehjelpa via denne artikkelen – der finn du også kontaktskjema.