Musikkterapi (frå hausten 2026)
Musikkterapitilbod er for barn, ungdommar (0-18 år) som opplever utfordringar i kvardagen. I musikkterapi handlar det om korleis musikk kan nyttast for å få det betre i vanskelege livssituasjonar. Vi har fokus på meistring, kreativitet og å ha det gøy saman. Dette er viktige element i en god psykiske helse og sunn utvikling.
Musikkterapi vert gitt både individuelt og i grupper. Du treng ikkje vere musikalsk eller kunne noko om musikk for å få eit godt utbytte av musikkterapi. Musikkterapeutar har brei kunnskap om sammenhengar mellom musikk og helse, og ein viktig del av musikkterapeuten sin kompetanse er å tilpasse for kvar einskilde deltakar
Kognitiv Åtferdsterapi
Gjennom kognitiv åtferdsterapi får ein kunnskap om korleis tankar, følelsar, åtferd og kroppsreaksjonar heng saman. Ein lærer ferdigheiter og strategiar på korleis takle frykt, stress, og bekymringar betre. Dette er eit tilbod til både eldre barn/ungdom og foreldre, enten individuelt eller i gruppe.
COS-P foreldrekurs
DVD-basert kursrekke på 8 møter med opplæring i bruk av Trygghetssirkelen. Tilbodet kan ein få både i gruppe eller individuelt.
TIBIR-foreldrerådgjeving
Korttidskurs (3-6 møter) til foreldre for barn i alderen 3-12 år som viser teikn til byrjande samarbeidsvanskar, og/eller foreldra opplev oppfølging av barnet som krevjande.
PMTO foreldrekurs
Eit terapeutisk tilbod til foreldre til barn i alderen 3-12 år, der samhandlingsmønsteret mellom foreldre og barn bær preg av gjensidig negativitet som har vart minimum eit halvt år.
PMTO individuell behandling
Er eit terapeutisk tilbod til foreldre med barn i alderen 3-12 år tilsvarande foreldrekurset, men meir individuelt tilpassa familien. Tiltaket passer fint der samarbeidsutfordringar har vart over litt tid, og foreldre ønskjer å bryte fastlåste, negative mønster.
Støtte til meistring (tilgjengeleg frå hausten 2026)
Er spesielt utforma for å kunne gi tilpassa hjelp til familiar med barn i alder 4-12 år som viser teikn på engstelse, nedstemthet og samarbeidsvanskar/atferdsvanskar. Målet med tiltaket er å fremme positiv utvikling hos barn og førebygge utvikling av angst, depresjon og åtferdsvanskar.
Dette gjerast ved å fremme sensitiv og støttande foreldrepraksis, skape trygge og føreseielege rammer og å hjelpe foreldre med konkrete ferdigheiter som barnet treng for å mestre utfordrande situasjonar i kvardagen.
TIBIR/PMTO – konsultasjon til tilsette i barnehage og skule
Kurset er eit supplement til TIBIR/PMTO til føresette. Kurset består av 6-8 møter der dei tilsette får rettleiing i bruk av nyttige verktøy som kan redusere samarbeidsutfordringar både på individ og/eller gruppenivå.
Marte Meo
Marte Meo er ein filmbasert behandlingsmetode for å forbetre samspelet mellom menneske. Basert på eit ikkje-dømmande menneskesyn og med fokus på det som allereie fungerer i samspelet, ser ein etter det ein lykkast med, og som gir drivkraft til utvikling og endring.
Støttesamtale for barn, unge, foreldre og søsken
Støttesamtalar kan vere til hjelp for å sette ord på det som opplevast som utfordrande og vanskeleg. Gjennom samtale kan du få hjelp til å sortere tankar og følelsar for å finne ulike måtar å handtere situasjonen på.