Vi er stolte av å ha sikra oss status som Trafikksikker kommune!

Trygg Trafikk har i dag offisielt gitt Kinn status som ein Trafikksikker kommune. Å bli godkjent er ikkje ein garanti for fråvær av ulykker, men eit kvalitetsstempel for godt og heilskapleg arbeid med trafikktrygging. 

Trygg Trafikk har utvikla godkjenningsordninga med forankring i nasjonale og regionale planverk. Det er eit mål om at 200 kommunar skal ha denne godkjenninga innan 2025 – dei ligg godt an til å lukkast når det i dag er 175 kommunar. Kinn har stolt sikra seg den 15. plassen i Vestland fylke! 

Ein representant frå Trygg Trafikk og to kommunalt tilsette poserer for kamera medan dei holder ein plakett - Klikk for stort bileteAudun Heggestad delar ut plakett til kommunalsjef og rådgjevar for oppvekstsektoren Kinn kommune

Korleis bli ein trafikksikker kommune?

Det første er at Kinn må ha ein eigen trafikksikringsplan, og ein stadfesting frå kommunedirektør på at Trygg Trafikk sine vilkår er oppfylt. Desse vilkåra er hovudsakleg grundig dokumentasjon frå barnehagar, skular, kultur, teknisk og andre kommunale tenester som syner at dei følgjer kriteria som Trygg Trafikk legg til grunn. Vilkåra er forskjellige ut i frå type teneste, og kvar leiar må følgje opp og levere skriftleg dokumentasjon frå sitt ansvarsområde. Det er med andre ord eit grundig arbeid frå ei rekke involverte partar.

Eit team frå Trygg Trafikk står for godkjenninga når all dokumentasjon er levert og gjennomgått. 

Fordelar med status som trafikksikker kommune

Som ein trafikksikker kommune kan lag og organisasjonar, og kommunen sjølv, søke offentlege tilskotsmidlar innan trafikktryggleik. Søknadar som kjem frå kommunar med denne statusen blir prioritert, og til tider favorisert. Med andre ord er ein betre rusta for å få løyvd tilskotsmidlar til trafikktryggingstiltak. 

Statusen krev vedlikehald med ein periodisk reevaluering kvart tredje år. Dette sikrar at kommunen sitt eige arbeid innan trafikktryggleik ikkje stoppar opp. Politikarane har også bedt om at det årleg vert lagt fram eiga politisk sak om trafikktryggleik. 

Tilsette og andre menneske sit i hestesko medan ein person står framfor dei og snakkar - Klikk for stort bileteRepresentantar frå fylkeskommunen og kommuneadministrasjonen var til stade under den offisielle godkjenninga Kinn kommune

Harald Heieraas og Audun Heggestad i Trygg Trafikk har jobba med trafikksikkerheit i 30 år, og seier målet deira er å vere ein pådrivar og samarbeidspartnar med kommunane. Dei rosar Kinn sine tilsette som har vore involvert i arbeidet med eit smidig og grundig arbeid med trafikktrygging, og seier dei aldri har sett så god dokumentasjon på godt arbeid.-

- Vi har god oppfølging med kommunane som har status som Trafikksikker kommune, og vi merkar at å jobbe med sikkerheitskultur gjer at vi endrar åtferd og aukar forståinga for viktigheita av tverrsektorielt samarbeid. Resultat frå slikt arbeid er heller ikkje så synleg - men vi merkar effekten. Med null drepte barn i trafikken er det dessverre ikkje så mange tilsette som klappar seg sjølv på skuldra, seier Heggestad.

Kva er vilkåra?

Trygg Trafikk har ei lang liste med vilkår, med bakgrunn i lover og forskrifter, for å oppfylle kriteria for godkjenning.

  • Kommunen har forankra ansvaret for trafikktryggleiksarbeidet hos ordføraren og rådmannen. Den enkelte etatsleiaren kan ha delansvar.
  • Kommunen har eit utval som har ansvar for trafikktryggleik.
  • Kommunen har innarbeidd trafikktryggleik i HMS-/internkontrollsystemet sitt.
    Det inneheld reglar for reiser og transport i regi av kommunen og reglar ved kjøp av transporttenester.
  • Trafikktryggleik er eit årleg tema i arbeidsmiljøutvalet (AMU) til kommunen.
  • Kommunen har oppdatert oversikt over trafikkulykker og trafikkuhell (materiellskadar) i kommunen.
  • Trafikktryggleik er ein del av folkehelsearbeidet til kommunen.
  • Kommunen har ein trafikktryggleiksplan. Planen har rullerings- og rapporteringsrutinar. Inkludert i planen er både trafikantretta og fysiske tiltak.
  • Kommunen har eit godt system for å behandle søknader om skyss på grunn av særleg farleg skuleveg. 
  • Kommunen har oppfylt kriteria for den enkelte sektoren.