Vestland fylkeskommune inviterer til Kulturkonferansen Vestland 2025 - som i år er i Florø!

Vestland fylkeskommune arrangerer den årlege kulturkonferansen i Florø 18. november, og Kinn kommune er medarrangør. Tema er “korleis bygge gode lokalsamfunn”.

Korleis kan vi løfte kultur som ressurs i samfunnsutviklinga og styrke kultur som politikkområde? Korleis drive god kulturpolitikk i tider som er prega av trong økonomi?

Sjølve kulturkonferansen er tysdag 18. november 2025 kl. 9.30–16.30 på Florø kulturhus. Kvelden før, måndag 17. november, blir det førkveldssamling på Vesle Kinn frå kl. 19.00 med ølsmaking, internasjonal mat og pubkor.

Konferansen er open for alle. Hovudmålgruppa er politikarar, kommunetilsette og aktørar i kulturlivet.

Påmeldingsfrist er 3. november via Vestland fylkeskommune si heimeside - der finn du også programmet.