Velkommen til tankeviruskurs!

Tankevirus er eit nyttig kurs om korleis tankane og merksemda di, påverkar humøret og handlingane dine. Kurset passar for alle - for deg som berre ønskjer å lære meir om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen, og til deg som har utfordringar med angst og depresjon.  

Målet med kurset

  1. Kunnskap om normalfungering og kor vanleg det er å ha negative tankar. Du lærer at tankar i seg sjølv er ufarlege, og at det er korleis vi reagerer på tankar som potensielt kan gjere oss sjuke.
  2. Kunnskap om det psykologiske immunforsvaret, og om korleis det påverkar psykisk helse. Du lærer og om korleis du skal ta vare på det psykologiske immunforsvaret, ved å lage gode rammer for deg sjølv. 
  3. Kunnskap om ulike tankevirus, og trening i å identifisere eigne tankevirus.
  4. Ved hjelp av psykologiske vitamin lærer du nyttige måtar å forhalde deg til tankane dine på, slik at du i større grad kan fungere, også i periodar med mykje negative tankar

Praktisk informasjon og påmelding