Velkomen til nytt skuleår! Her finn du tider for oppmøte

Vi gler oss til å ta i mot både nye elevar og dei som skjem tilbake til oss! Her finn du oppmøtetider og anna informasjon knytt til skuleåret 2024-2025. 

Skulane i Måløy

  • Raudeberg skule: Måndag 19. august, kl. 8.15 for alle trinn. SFO opnar kl. 7.45.
  • Skavøypoll skule: Måndag 19. august, oppmøte i gymsalen kl. 8.30. SFO er ope frå kl. 7.30.
  • Skram skole: Måndag 19. august, kl. 8.45. SFO er ope frå kl. 7.30 for dei med A-tilbod.
  • Vågsøy ungdomsskole: Måndag 19. august, kl. 8.30 for alle trinn.

Skulane i Florø

  • Brandsøy skule: Måndag 19. august frå kl. 8.45 – 12.15. SFO opnar kl. 12.15. 
  • Eikefjord barne- og ungdomsskule: Måndag 19. august, kl. 8.45 for alle trinn. SFO ope frå kl. 12.05.
  • Florø barneskole: Måndag 19. august. 2. – 7. trinn starter kl. 8.30. 1. trinn starter kl. 9.00.
  • Florø ungdomsskule: Måndag 19. august, kl. 8.45.
  • Krokane skule: Måndag 19. august. 2. – 7. trinn starter kl. 8.30. 1. trinn starter kl. 9.00. SFO er ope frå kl. 7.00 for dei som har A-tilbod.
  • Stavang skule: Måndag 19. august, kl. 8.25 for alle trinn.
  • Torvmyrane skule: Måndag 19. august. 1. klasse starter kl. 10.00. Innføringsklassane og 2. – 7. klasse møter kl. 8.30. SFO er ope frå kl. 7.00 for dei som har A-tilbod.