Varsel om utviding av plangrense og høyring av planprogram: Detaljregulering NesjaneLytt til tekstenStopp avspillingI samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om utviding av planområde for detaljregulering for Nesjane, gbnr. 52/1 m.fl. næring, Kinn kommune, planID: 20200112. Det vert òg varsla offentleg ettersyn av forslag til planprogram jfr. Plan- og bygningslova §§ 4-1 og 12-9. Tiltakshavar for planarbeidet er Kinn kommune. Plankonsulent er iVest Consult AS. Formål/Bakgrunn for ny varsling av planarbeidetAktuelt område omfattar eksisterande næringsområde på Nesjane i Eikefjord med tilgrensande område rundt. Tidlegare varsla planområde var på 327 daa og er no utvida til kring 365 daa. Behov for utviding av plangrensa er etter innspel frå næringsaktørane på Nesjane om deira framtidige arealbehov der fleire av innspela gjekk utover rammene i tidlegare utarbeidd planforslag som vart lagt på høyring i 2021. Endeleg plangrense kan verte justert i planprosessen.Det er vidare konkludert med at dei planlagde endringane utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram etter forskrift om konsekvensutgreiingar, og pågåande planarbeid vert derfor varsla på ny. Sjå meir utfyllande informasjon i høve KU-vurdering og vidare prosess i planarbeidet i utarbeidd forslag til Planprogram.Medverknad og høyringsfristFagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling om utviding av plangrense, samt kunngjering av offentleg ettersyn av forslag til Planprogram. Det vert vidare lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS, innan 24.09.2026:Strandgata 10, 6905 FLORØTelefon 95741102/92090621E-post: plan@ivestconsult.noPlandokument:Planprogram Næringsområde Nesjane (PDF, 2 MB) Publisert 30.07.2026 00.00 Sist endra 29.07.2026 14.36