I samsvar med plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – Privat detaljregulering for Krokvollen, gbnr 25/26, bustad i Kinn kommune, planID 20250006. Planområdet er på om lag 16 dekar og omfattar noko meir areal enn sjølve bustadføremålet, for å sikre vegtilkomst og grøntområde. Plangrensa kan bli justert i planprosessen. Tiltakshavar for arbeidet er Trygve Ullaland, og plankonsulent er iVest Consult AS.
Formål/bakgrunn for planarbeidet
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for eit nytt bustadfelt på Solheim, i tråd med kommunedelplanen for Florelandet Brandsøy (B18). Området skal regulerast til bustadformål med tilkomst, og det blir planlagt ulike typar bustader som einebustader, rekkehus og fleirmannsbustader.
Planområdet ligg i ei sørvendt skråning med gode solforhold. Nærleik til skule, barnehage, butikkar og friluftsområde gjer området godt eigna for familiar. Området har god kollektivdekning med to busshaldeplassar og etablert gang- og sykkelveg, som sikrar tilkomst til sentrum og nærområda. Det er også kort veg til badeplass, småbåthamn og turområde.
Utgreiingsbehov og vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing
Det vart gjennomført oppstartsmøte med Kinn kommune den 24.06.2025, der kommunen tilrår oppstart av planarbeid. Planarbeidet skal særleg vurdere tema som trafikktryggleik, vegtilkomst, landskap, naturmangfald, kulturminne, friluftsliv, universell utforming, infrastruktur, samfunnstryggleik og miljøfagleg tilhøve. Verknad av desse vil bli vurdert i planomtalen og ROS.

Kommunen er samd i vurdering om at planarbeidet ikkje vil utløyse krav om konsekvensutgreiing (KU). For meir informasjon i høve planfagleg bakgrunn, vurdering av Figur 1: Planområdet ligg aust for Florø sentrum, på sørsida av Brandsøya i Kinn Kommune. (iVest Consult) konsekvensutgreiing samt verknadar av planforslaget sjå utfyllande planinitiativ og oppstartsmøtereferat.
Medverknad og høyringsfrist
Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med aktuelle fagmynde undervegs etter behov.
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult AS, innan 25.08.2025.
iVest Consult AS, Strandgata 10, 6905 Florø. Telefon 98 89 99 80, e-post plan@ivestconsult.no.
Vedlegg til høyringa
- Plangrense, Krokvollen (PDF, 4 MB)
- Vedlegg2_Planinititativ RP B18, Bustadfelt på Solheim_2025063.pdf (PDF, 2 MB)
- Referat frå oppstartsmøte (PDF, 318 kB)