I samsvar med plan – og bygningslova §§12-1 12-3 og §§ 12-8 og 12-9 vert det med dette varsla oppstart av planarbeid og høyring av forslag til planprogram for Rota nord til Langholmsundet, næring. Planarbeidet femner om eigedommane gbnr. 27/ 3, 4, 20, 23, 38, 46, 52, 53, samt gbnr. 26/ 591, 58, i Kinn kommune.
Forslagsstillar er WIS Holding AS og fagkunnig konsulent er Norconsult Norge AS. Planen vert fremja som privat detaljreguleringsplan med krav om konsekvensutgreiing og planprogram.
Føremål og bakgrunn for planarbeidet
Nordaust for Florø sentrum ligg næringsområde med oljeforsyningsbasen Fjord Base. Havland, eit dotterkonsern av WIS-Holding, har stamfiskeanlegg, yngelanlegg for torsk og kontorbygg her. WIS Holding ønskjer å utvikle området vidare, både sør for holmane Perholmen, Gaddholmen og Naustholmen, og nord på øya Rota. Målet er å samle heile prosessen frå yngel til matfisk og slakteri/foredling på ein stad. For å oppnå dette treng dei meir næringsareal med sjøtilknyting. Planane omfattar utfylling i sjøen for å skaffe meir næringsareal og etablering av veg til Rota med grøn buffersone mot sør. Overskotsmassar frå Rota Nord skal nyttast som utfyllingsmassar i området Lyngholmen – Langholmsundet. Målet er å utvikle berekraftig næring innan matproduksjon med landbaserte oppdrettsanlegg og skape nye arbeidsplassar.
WIS Holding AS har i forkant av varsel om planoppstart for dette planarbeider, fremja to planinititativ for kommunen:
- Privat detaljregulering for Lyngholmen - Langholmsundet, gbnr 27/3 mfl, næring og veg, planID 20240008.
- Privat detaljregulering for Rota Nord, del av gbnr. 27/20 m.fl., næring. PlanID 20240005.
For Privat detaljregulering for Rota Nord vart det gjennomført oppstartsmøte med kommunen 17.09.24. For Privat detaljregulering for Lyngholmen – Langholmsundet vart oppstartsmøte gjennomført 10.12.24. Kommunen har gjennom begge oppstartsmøta tilrådd oppstart av planarbeid.
Det er også vurdert, i samråd med Kinn kommune, at planane har så tett samanheng, både med omsyn til infrastruktur og massebalanse, at det er ynskjeleg å regulere dei to områda i ein plan.
For ei meir detaljert beskriving av formål og bakgrunn for planarbeidet syner vi til kap. 1 og 3 i vedlagt planprogram for Rota nord til Langholmsundet gbnr. 27/mfl., næring.
Utgreiingsbehov og vurdering i høve forskrift om konsekvensutgreiing
Norconsult har vurdert om det er utgreiingsplikt etter forskrift om konsekvensutgreiingar. Etter ein samla gjennomgang av oppfangingskriteria er det vår vurdering at planområdet er eit område der dei særskilde utgreiings- og handsamingsreglane for konsekvensutgreiingar gjer seg gjeldande. Det er vurdert at tiltaket fell inn under forskrifta § 6 gjennom pkt. 8 og 24 i vedlegg I. Detaljreguleringsplanen skal difor både konsekvensutgreiast og ha planprogram. Kommunen har stilt seg bak denne vurderinga jf. referat frå oppstartsmøta.
For ei meir detaljert beskriving av vår vurdering av utgreiingsplikt og utgreiingsprogram syner vi til kap. 1, 4 og 5 i vedlagt planprogram for Rota nord til Langholmsundet gbnr. 27/mfl., næring.
Kunngjering
Planarbeidet vert kunngjort i avisa Firdaposten den 24.04.2025. I tillegg vert planprogram, oversiktskart med planavgrensing, og referat frå oppstartsmøta med kommunen er lagt ut her på Kinn kommune sine heimesider.
Medverknad og høyringsfrist
Fagmynde, grunneigarar/naboar mfl. vert inviterte til å kome med innspel gjennom varsling og kunngjering av planoppstart. Det vert lagt opp til tett dialog og avklaringar med røyrde grunneigarar, og aktuelle fagmynde undervegs i planprosessen. Syner til kap. 6 i vedlagt planprogram for Rota nord til Langholmsundet gbnr. 27/mfl, næring, for beskriving av framdriftsplan og medverknad/koordinering.
Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til Norconsult AS, innan 10.06.2025.
Kontaktinformasjon
Vedlegg