Varsel om mykje nedbør torsdag 31.10.2024Lytt til tekstenStopp avspillingTorsdag 31.10.2024 er det varsla svært mykje nedbør i midtre og indre deler av Vestland fylke.For Kinn kommune er det spesielt indre deler av kommunen som må bu seg på mykje nedbør, men det vil bli ein regnfull dag også i ytre. Dette fører til auka fare for flaum- og skredhendingar. Fjern derfor lauv og kvistar frå takrenner, kummar, stikkrenner og andre vassvegar på eigedomen din slik at du reduserer risiko for skade. Hald avstand til bekkar og elvar med høg vassføring. På varsom.no kan du sjå kva varsel som gjeld der du bur og kva råd du bør følgje. Publisert 30.10.2024 12.45 Sist endra 30.10.2024 12.46