Varsel om jord-, sørpe-, og flaumskredfare

Det er sendt ut oransje farevarsel for jord-, sørpe-, og flaumskred gjeldande frå måndag 13.01.2025 kl. 12.00 til fredag 17.01.2025 kl. 08.00. 

Kommuneleiinga har hatt møte for å vurdere lokale konsekvensar av både dette farevarselet og dei andre som gjeld frå måndag av (gule varsel for vindkast, regn og is).  

For det oransje farevarselet gjeld desse råda:

  • Beredskapsmyndigheiter skal vurdere fortløpande behov for beredskap og førebyggande tiltak
  • Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret og skredsituasjonen, og følg med på vêrradaren
  • Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv
  • Tette vassvegar med oppdemma vatn kan føre til skred
  • Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring
  • Ver forsiktig med å legge ut på tur også i slakare terreng i gjeldande område
     

Aktuelle farevarsel der du bur og kva råd du bør følgje finn du på Yr.no.