Vårryddedagen 22. mars

Laurdag 22. mars inviterer Hold Norge Rent til årets første nasjonale ryddedugnad. Vårryddedagen er ein fin moglegheit til å gjere ein innsats for naturen – anten åleine, saman med vener, familie eller kollegaer.

Ta på deg hanskar, finn fram ein sekk eller pose, og bli med på oppryddinga i ditt nærområde! Rydd langs strender, holmar, elver, stiar eller i byrommet – der du ser det trengst.

Du kan lese meir om korleis arrangere strandrydding her - laga av Fjordane Friluftsråd (PDF, 75 kB).

Du kan starte din eigen ryddeaksjon eller bli med på ein eksisterande aksjon. Sjå oversikta i Rydde-kalenderen.

Program for den nasjonale vårryddedagen i Florø

(OBS! endringar kan førekome)

  • Kl. 12:00 Oppmøte for ryddeaksjonar + offisiell opning av Vårryddedagen
  • Kl. 12.15 Vi ryddar Florø, både i sentrum og ute på Langholmen
    Det serverast kaffi og bollar under ryddeaksjonen.
  • Kl. 13.30 Avslutning ryddeaksjon
  • Kl. 14:00 Samling på Husabula kulturscene med gratis lokal fiskesuppe og underhaldning!
  • Kl. 16:00 Takk for i dag

Utstyr og innlevering av avfall

Utstyrslager i Kinn finn du her

Innlevering av avfall kan du sjå her