Utvikling av ungdomsdemokratiet i kommunen

Ungdomsordførar Vilde Johannesen har ytra ønske om meir involvering av ungdommane i Kinn kommune. Det har vore arrangert eit møte mellom ungdomsordførar og ordførar Bengt Solheim-Olsen for å drøfte saka. Vi legg derfor opp til ei drøfting i ungdommens kommunestyre (UKK) i februar om korleis vi kan få dette til i praksis. Ordførar i Kinn kommune er invitert til drøftinga.

I dag har ungdomsordførar- og varaordførar møte- og talerett i formannskapet og kommunestyret. I tillegg har UKK valt representantar til dei andre hovudutvala i kommunen (oppvekst- og kulturutvalet, helse-, sosial- og omsorgsutvalet og plan- og miljøutvalet).

Likevel kan det vere utfordrande å sitje som ungdomsrepresentant i desse utvala. Det kan vere vanskeleg å ta ordet, og ein føler kanskje ikkje at ein snakkar for heile ungdomsgruppa.

I UKK i februar blir det lagt opp til ei drøfting om korleis ungdommane opplever å delta i UKK, kva som er vanskeleg, korleis ein betre kan legge til rette for at ungdom skal bli høyrde. Vi ser fram til ein god diskusjon som kan betre ungdomsdemokratiet i Kinn kommune!