Utbygging av breiband i Florø og Måløy til område med låg bandbreiddeLytt til tekstenStopp avspillingI januar 2024 signerte Telenor og Kinn kommune kontrakt om utbygging av breiband til område som ikkje har tilgang til høghastigheits breiband. Du kan framleis melde interesse for å bestille breiband.Dette er eit offentleg tilskotsprosjekt som betyr at det er eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, kommune og Telenor. Innbyggarar som vil nytte seg av moglegheita, må bidra med eigendel på kr. 8000, og næring må stille med eigendel på kr. 15 000. Beløp vert krevd inn av kommunen. I Måløy gjeld dette for følgande område:SildaNygård-Skavøypollen-EvjaBrandthamnaHagenI Florø gjeld dette for områda:HelgøynaMækjevikaSteindalen-SvardalDet er ikkje for seint å melde interesseHar du ikkje bestilt fiber er det ikkje for seint. Du kan enkelt søke opp adressa di på følgande lenke og bestille sjølv via Telenor si heimeside.Entreprenør jobbar i desse dagar med å ferdigstille nettet. Difor er det viktig at du melder interesse snarleg for at framdrifta i prosjektet held fram. Både Kinn kommune og Telenor har lagt store ressursar i å realisere dette prosjektet, og ønskjer difor at flest mogleg skal få tatt i bruk det nye nettet. Publisert 20.02.2025 13.27 Sist endra 20.02.2025 13.27