Unngå tette røyr i juletida - her får du nokre tipsLytt til tekstenStopp avspillingI juletida lager vi mat med mykje fett; som svineribbe og pinnekjøtt. Då er det viktig å handtere matfettet på ein miljøvennleg måte for å unngå tette røyr og forureining. Her får du enkle tips for å ta vare på både avløpssystemet og miljøet.Kvifor skal du ikkje helle matfett i vasken eller toalettet?Om du heller matfett i vasken eller toalettet kan det stivne og føre til tette røyr i både private og offentlege avløpssystem. Det kan føre til i kostbare reparasjonar og auka risiko for kloakkutslepp i naturen. I tillegg kan fettet skape problem i reinseanlegga, der det er vanskeleg å bryte ned.Slik handterer du matfett på riktig måteFor å unngå problema ovanfor bør du:Avkjøle fettet: La matfettet avkjølast etter matlaging, slik at det stivnar.Samle fettet: Skrap det stivna fettet over i ein tett behaldar, som ein tom mjølkekartong eller plastboks.Kaste i restavfallet: Når kartongen eller plastboksen er full, kast han i restavfallet.Dette er ei enkel løysing som sikrar at feittet ikkje går i avløpssystemet.Kva med flytande matolje?Flytande matolje bør heller ikkje hellast i vasken eller toalettet. I staden kan du:Tørke opp mindre mengder: Bruk papir til å tørke opp små mengder olje, og kast papiret i restavfallet.Samle større mengder: Hell større mengder olje over i ein tett behaldar og kast i restavfallet.Vis dovett – kast berre det som høyrer heime i toalettetFor å unngå tette røyr og forureining er det viktig å berre kaste toalettpapir og menneskeleg avfall i toalettet. Andre ting, som våtserviettar, sanitetsprodukt, q-tips, tampongar og matfeitt, skal kastast i søpla. Dette bidreg til å halde avløpssystemet reint og funksjonelt. Publisert 20.12.2024 08.54 Sist endra 20.12.2024 08.54