Unge sommarvertar får verdifull erfaring og lettar kvardagen for tilsette

Unge sommarvertar mellom 15 og 17 år har i sommar fått verdifull erfaring og letta arbeidskvardagen for dei tilsette på Kulatoppen omsorgssenter!

Ungdomane får smakebit på helsefaget

Sommarvertane er ungdomar mellom 15 og 17 år som i utgangspunktet søkte sommarvikarstilling innan pleie. Desse ungdomane vart vurderte som litt for unge til å utføre pleieoppgåver, men ein ønskte likevel å gi dei moglegheit til å bli introdusert for livet på eit omsorgssenter.

Sommarvertane har utført praktiske oppgåver på avdelingskjøkkena, rydda og redd senger på pasientromma, gått med skittentøy og boss, og gått turar med bebuarane på det flotte omsorgssenteret både ute og inne. Dei har også spelt spel og gjort andre aktivitetar saman med bebuarane.

Ungdomane får ein moglegheit til å bli kjend med helsefaget, noko ein håpar kan vekke interesse for å jobbe innanfor dette feltet seinare. Samtidig får tenesta særs god hjelp til å betre gjennomføringa av ferieavvikling for dei faste tilsette.

Lettar arbeidet for dei faste tilsette i ferieavviklinga

Leiarane gir berre positiv tilbakemelding på ordninga, og seier det har gitt betre tid for fagarbeidarane til pleie- og omsorgsoppgåver. Mange praktiske oppgåver i kvardagen tek tid frå pasientarbeidet. Med sommarvertar som tek seg av desse oppgåvene på avdelingane får dei faste tilsette betre høve til å fokusere på helseoppfølging.

Ordninga har også blitt særs godt mottatt av dei tilsette. Avdelingsleiar Reidunn Øksdal fortel at det å la fagpersonane (helsefagarbeidarar og sjukepleiarar) sleppe ein del av dei praktiske oppgåvene i avdelinga, har letta arbeidspresset deira i ferietida. Sommarvertane har gjort ein stor forskjell, og det er håp om at dei tilsette er mindre slitne etter ferieavviklinga.

Håpar på framtidige tilsette

Kulatoppen omsorgssenter er med i KS sitt TØRN-prosjekt, som utfordrar kommunen til å sjå på og prøve ut nye måtar å jobbe på, mellom anna ved å innføre ny oppgåvedeling. I dette prosjektet lærer Kulatoppen omsorgssenter metodar og verktøy for etablering av ny praksis og fordeling av oppgåvene i tett samarbeid med medarbeidarane.

No skal ordninga med sommvarvertar evaluerast, men leiinga på omsorgssenteret føler seg ganske sikre på at ordninga vil gi positive effektar. Ordninga gir ungdomane ein fin introduksjon til helsefaget, og leiarane håpar at sommarvertane som har fått prøve seg i år kan bli framtidige tilsette.