Ungdomsordførar Vilde Johannesen takka for seg i dagens kommunestyreLytt til tekstenStopp avspillingI dag takka noverande ungdomsordførar for seg, og fekk tilbake ei lita merksemd frå ordførar Bengt Solheim-Olsen i dagens kommunestyre. Til hausten skal det veljast nye medlemmar til ungdommens kommunestyre (UKK). Vilde har mellom anna vore tydeleg på at ungdommane ikkje er tilknytt eit bestemt politisk parti, og at dei må inkluderast betre i det politiske arbeidet - gjerne via ei mentorordning knytt til politiske utval og kommunestyret. Vi takkar så mykje for det viktige politiske engasjementet ungdomsordføraren har vist i perioden, og ønskjer ho lukke til vidare! Publisert 12.06.2025 09.29 Sist endra 12.06.2025 09.54