Kommunen har inngått leigeavtale med to fartøy med skipper/rettleiar i to veker: Sending v/Runar Nilsen i Florø, og Sølvhav v/Bjarne Ramsevik i Måløy. 14 ungdommar har fått jobb, og skal fiske ei veke kvar. Inntekta vil vere det dei tener på å selje fisken via Vest-Norges Fiskesalslag.
Måndag 23. juni møttest alle ungdomsfiskarane og skipperane på opplæringsdag i Måløy. Der møtte dei først hos Vest-Norges Fiskesalslag og Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Måløy for å få frukost, informasjon om næringa, registrere seg i sals-app og få utdelt oljehyre og anna utstyr.
Deretter reiste dei til Sikkerheitssenteret i Måløy, på Måløy vidaregåande skule, og fekk sikkerheitsopplæring for sjøfolk, inkludert lunsj. Ungdommane fekk øve seg på hjerte- og lungeredning, og ein fekk hoppe på sjøen i overlevingsdrakt og øve på å halde seg i rekke.
Sjølve fisket startar tysdag morgon og varer denne veka og neste veke.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kinn kommune og Måløy Vekst. Vi har fagleg støtte frå nemnde opplæringskontor og salslag. Prosjektet er finansiert av støtte frå Nærings- og fiskeridepartementet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, lokalt næringsliv og Kinn kommune. Vi får også sponsa utstyr som regnkle, hanskar og diesel frå lokale bedrifter.