Ungdomsfiske 2025 – Sommarjobb på sjøen!

Har du lyst på ein spennande sommarjobb der du får prøve deg som fiskar? Då bør du søkje på Ungdomsfiske 2025! Kinn kommune gir ungdom mellom 15 og 25 år høve til å bli med på eit lærerikt fiskeeventyr langs kysten vår.

Jobb som ekte fiskar – ei veke på sjøen

Ungdomsfiske varer i éi veke, og du får vere med ein fiskebåt som går ut frå Florø eller Måløy. Du får opplæring og rettleiing frå ein erfaren skipper, og løna er det du tener på fisken du fiskar. I fjor tente ungdomsfiskarane i snitt 3000 kroner – men som i det verkelege fiskaryrket kan dette variere.

Praktisk informasjon

  • Tidspunkt: Vekene 26 og 27 i 2025
  • Stader:
    • Florø – båten Sending
    • Måløy – båten Sarato
  • Opplæringsdag: 23. juni i Måløy
  • Tal plassar: 6 i Florø, 8 i Måløy

Ungdom frå Florø får dekka båtbillett tur/retur til opplæringsdagen.

Kven kan søkje?

Du kan søkje dersom du

  • fyller mellom 15 og 25 år i 2025
  • bur i Kinn kommune
  • kan møte opp og kome deg heim frå avtalt stad kvar dag
  • er arbeidsvillig, nysgjerrig på fiskaryrket, omgjengeleg og sjølvstendig

Vi oppmodar særleg jenter om å søkje! Sjekk gjerne nettsida jenterombord.no for inspirasjon.

Dette lærer du

Som ungdomsfiskar får du opplæring i

  • Sikkerheit og førstehjelp
  • Bruk av fiskereiskap
  • Kvalitet på råstoff og verdikjeda i fiskerinæringa
  • Korleis du registrerer fangsten i appen som blir brukt

Du får òg vere med på å vedlikehalde og klargjere utstyret. Når du er ferdig med veka di som fiskar, får du ein attest for gjennomført opplæring og arbeid.

Viktig å vite

  • Opplæringsdag 23. juni er obligatorisk
  • Oppstart er med atterhald om støtte frå Nærings- og fiskeridepartementet og lokalt næringsliv
  • Det blir valt ut reservar som kan steppe inn ved forfall
  • Du må ha støvlar og matpakke med, og kle deg etter vêret
  • Regntøy og hanskar får du utlevert
  • Skipperen har ansvaret om bord – lytt og lær!

Spørsmål og søknadsfrist

Bruk det digitale søknadsskjemaet nedanfor for å søke. Søknadsfristen er 16. mai. 

Gå til søknadsskjema for ungdomsfiske 2025

Om du elles har spørsmål kan du vende deg til:

  • Kristin Maurstad, tlf. 41 23 40 49
  • Anne-Stine Meland, tlf. 91 30 38 46

Les meir om ungdomsfiske 2025 her!