Ungdommens kommunestyre diskuterte Kinn si framtidLytt til tekstenStopp avspillingTemaet var samfunnsplanen og oppvekstplanen til kommunen. Ungdommane blei utfordra på kva som skal til for at dei vil flytte tilbake til Kinn? Kva kan vi i fellesskap gjere for plassen vi bur på? Korleis kan ungdommane få informasjon om framtidige jobbmoglegheiter?Det blei også diskutert kva som skal til for å få eit trygt og godt samfunn å vekse opp i.Ungdommane hadde veldig mange meiningar og kom med gode innspel. Dei var mellom anna opptatt av gode fritidstilbod i heile kommunen, og ikkje minst busstilbod for å kome seg til og frå. Det å ha gode skulemiljø er viktig, og vi fekk mange forslag til gode tiltak.Innspela frå ungdommane blir tatt med i planarbeidet, og vi vil også vidareformidle relevante innspel til andre som kan ha nytte av dei. Publisert 24.09.2024 09.38 Sist endra 24.09.2024 09.38