Trygt vatn i fokus - Mattilsynet kom på tilsynLytt til tekstenStopp avspillingOnsdag kom Mattilsynet på tilsyn av dei kommunale vassverka i Florø og Måløy. Årets tema var beredskap og sikring av samfunnskritisk infrastruktur - eit område som er heilt avgjerande for å sikre stabil tilgang på trygt drikkevatn.Kinn kommune set stor pris på godt samarbeid med Mattilsynet. Tilsynet gav rom for gode samtalar, faglege drøftingar og nyttige refleksjonar om korleis kommunen kan stå endå betre rusta i kvardagsdrift og krisesituasjonar.-Vi har eit felles mål om å sikre innbyggarane trygt og godt drikkevatn. Slike tilsyn har fleire funksjonar, og det er ein tryggleik for oss og innbyggarane at Mattilsynet utfører slike kontrollar seier teknisk sjef Frode Ellingsund. Vi skal syte for at alle har trygt og godt drikkevatn både i kvardagen og i krisesituasjonar. Publisert 30.10.2025 08.34 Sist endra 30.10.2025 08.34