Trude Gulbranson blir leiar for den nye staben Strategi og samordning!

I dag blei Trude Gulbranson tilsett som leiar for den nye staben Strategi og samordning. Ho vil også halde fram med fleire av dei oppgåver ho hadde før. Trude tek til i jobben 1.1.2024.

Staben vil jobbe med:

  • Beredskap og kvalitet
  • Fagstøtte til sektorane
  • Koordinerande funksjonar (koordinerande eining)
  • Ekstern myndighetskontakt
  • Folkehelse (interkommunal folkehelseavdeling)
  • Digitalisering, ma. velferdsteknologi, journalsystem 
  • Samfunnsplanlegging
  • Barnehagemynde
  • Miljø- og klima
  • Årshjul, kommunedagar mv.

 

Staben er oppretta som del av vedtak i samband med ny leiing og styringsstruktur. I den nye staben samlar rådgjevarane på sektorane og ynskjer å jobbe for betre samordning og tverrfaglegheit.