Planlagt møtestart er kl. 8.30, og det står 23 saker på saklista til møtet.
Kommuneplanen sin arealdel
Kommuneplanen sin arealdel var først til handsaming i plan- og miljøutvalet 1. september, og vart vedtatt med ei mindre endring basert på eit tilleggsframlegg frå Høgre. Plan- og miljøutvalet si innstilling går no vidare til kommunestyret for endeleg handsaming av planen.
Saka gjeld endeleg vedtak av ny kommuneplanen sin arealdel for Kinn kommune, og omfattar alt areal i tidlegare Vågsøy kommune, «distriktsareal» i tidlegare Flora kommune, samt Stavang. For Florø sentrum, Florelandet-Brandsøy og Eikefjorden er det eigne kommunedelplanar og desse inngår ikkje i denne prosessen.
Oppheving av gamle reguleringsplanar i samband med ny kommuneplan
I samband med utarbeiding av ny arealdel til kommuneplanen har det vore gjort ei vurdering i høve kva reguleringsplanar som skal vidareførast i den nye kommuneplanen. Det er til saman 184 reguleringsplanar som er føreslege oppheva. Dette er planar eldre enn 10 år og som ikkje er i samsvar med ny arealpolitikk og ny kunnskap.
Arbeidet med oppheving av reguleringsplanar har gått parallelt med arbeidet med kommuneplanen, og følgt reglane for oppheving av reguleringsplanar i plan- og bygningslova. Det er både ved varsel om oppstart av arbeidet med oppheving og ved høyring sendt brev til om lag 3200 grunneigarar og berørte mynde om arbeidet, samt lagt til rette for møter for dei som ønskjer informasjon om kva oppheving av reguleringsplanar betyr for deira eigedom.
I områder der reguleringsplanen vert oppheva har områda så langt det har lete seg gjere i høve ny kunnskap og endringar i regelverket blitt innarbeidd i kommuneplanen, slik at ein skal kunne bygge ut områda etter kommuneplanen. Der utnyttingsgraden i dei regulerte bustadområda er låg, er denne justert opp i kommuneplanen, slik at den er i samsvar med dagens arealpolitikk.
Etter administrasjonen si vurdering vil dei grepa som er gjort for å innarbeide dei gamle reguleringsplanane i kommuneplanen slik at ein kan byggje direkte etter kommuneplanen være ei monaleg betre og meir føreseieleg løysing for innbyggarar og næringsliv, enn å behalde dei gamle reguleringsplanane.
Fastsetting av rammer for parkeringsordning i Måløy
Saka handlar om korleis parkeringa i Måløy sentrum skal organiserast framover. Kommunestyret skal ta stilling til mellom anna parkeringssoner, kor lenge ein kan parkere gratis og kvar det skal vere parkeringsavgift.
Dette er skildra i saksframlegget til møtet, som du kan lese her.
Hovudplan for vatn, avløp og overvatn
Hovudplan for vatn, avløp og overvatn i Kinn kommune er eit strategisk dokument som skal sikre forsvarlege, berekraftige og framtidsretta tenester innan vatn og avløp. Planen tek særleg høgde for nye og skjerpa krav som følgje av revidert EU-direktiv for avløp, som vil få store konsekvensar for kommunane når det vert gjennomført i norsk regelverk. Planen bygger på statusvurderingar, risikovurderingar og framskriving av framtidige behov, og peikar ut strategiar og prioriterte tiltak for planperioden 2026 - 2035.
Sjå direktesending
Møtet vert sendt direkte frå kl. 8. 30 via kommuneTV.