Dette er ikkje berre eit seminar – det er starten på noko større: ei kraftsamling for alle som ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling av arbeidslivet i vår region. I møte med utfordringar som demografiske endringar, kamp om kompetanse og endra behov i arbeidslivet, må vi tenkje nytt – og vi må gjere det saman. Derfor er vi mange som er saman om dette initiativet: Kinn kommune, Aksello, Flora industri- og næringsforening, Måløy Vekst og Hub for Ocean.
Samlinga er ein direkte respons på innspel frå bedriftene i nettverket. Mange opplev stor vekst om dagen, og med den suksessen kjem også utfordringar på rekrutteringsfronten. Andre må tenke nytt, og jaktar ny type kompetanse. Også dette krever nye tilnærmingar til rekrutteringsarbeidet.