To vegar treng namn! Har du forslag?

Vi inviterer deg til å kome med namneforslag på to vegar som i dag ikkje har fått namn. Den eine vegen er i Måløy og den andre i Florø. 

Felles for namneforslaga

Har du eit godt forslag, eller kanskje fleire? Kanskje eit namn som speglar historia i området, landskapet rundt, eller noko som betyr noko for deg? Hugs at eit vegnamn er viktig og meir enn berre ei adresse - det er noko som blir ståande i lang tid. Det er også viktig for at naudetatar skal finne fram. Difor vil vi høyre frå deg!

Namneforslaga skal ha historisk forankring i tråd med god namneskikk, og bør vere grunngjevne. Namneforslag bør ikkje kunne forvekslast med allereie vedtekne namn. Namneforslag skal godkjennast av Språkrådet før det går til handsaming i oppvekst- og kulturutvalet som fattar vedtak.

Du kan sende inn namneforslaget ditt via e-post sander.odelien@kinn.kommune.no.

Frist for å sende inn er 21. juli 2025.

Forslag til vegparsell frå “Ytre Kulen” (Måløy)

Inntil vidare er det kome inn fire forslag. Byggeprosjektet i området går under namnet “Perlevågen”. Kulaholmane som er holmane i sundet ved enden av vegen kan vere eit alternativ. Vågen er også kalla Kulavågen, og Skitvågen står i stadnamnatlaset.

Veg i byggefelt på sørsida av Slettevollsholten (Florø)

Vegen er i byggefeltet som er under arbeid, på sørsida av Slettevollsholten i Brandsøya.