Tilskot til inkludering av barn og unge 2025

Tilskotsordninga “Tilskudd til inkludering av barn og unge” vert no lyst ut for 2025. Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheita til meistring og samfunnsdeltaking. Søknadsfrist er 1. november 2024.

Les meir på Bufdir sine heimesider

Målet med tilskotsordninga

Målet er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til 24 år, som av ulike årsaker står i fare for å hamne i utanforskap.

Kven kan søke

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Frist for å søke er 1. november 2024.

Slik kan du søke på ordninga

  1. Sett deg inn i regelverket (lovdata: Forskrift om tilskot til inkludering av barn og unge) og informasjonen på heimesida til Bufdir.
  2. Logg inn, fyll ut og send søknaden i Bufdir sin søknadsportal for tilskot. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knyttast til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordninga si nettside for unntak frå regelen). Det skal søkast om tilskot til ulike aktivitetstypar.

Slik vert søknadane handsama

Søknadar som er sendt inn av andre aktørar enn kommunne sjølv, skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadane på politisk eller administrativt nivå. 

Etter at kommunen er ferdig med si handsaming, går Bufdir i gang med den endelege sakshandsaminga av søknadane. Det er informasjon på Bufdir sine heimesider om forventa tid for handsaming.