Tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bustad

Vil du gjere bustaden din tryggare og enklare å bu i når du blir eldre? Du kan søke Husbanken om tilskot til aldersvenleg oppgradering av bustaden din. Målet er at du skal kunne bu heime lenger, også dersom helsa eller behova dine endrar seg. Frist for å søke tilskot er 30. oktober 2026.

Du kan søkje om tilskot dersom

  • du er over 62 år, eller bur saman med ein som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv, og bustaden er ein eigd eller leigd heilårsbustad
  • bustaden er den folkeregistrerte adressa di
  • oppgraderinga kostar minst 40 000 kroner

Dersom du leiger bustaden, må du ha samtykke frå utleigaren.

Kor mykje kan du få?

Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene til prosjektet. Oppgraderinga må koste minst 40 000 kroner.

Det er inga øvre grense for kva sjølve prosjektet kan koste, men du kan få maksimalt 75 000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot éin gong per bustad.

Du må i første omgang kunne betale for tiltaka sjølv. Først når arbeidet er ferdig og betalt, kan du be Husbanken om å få tilskotet utbetalt.

Viktig: Du kan ikkje få tilskot til eit prosjekt som allereie er starta eller ferdig. Vent difor med å starte arbeidet til du har fått svar på søknaden.

Kva kan du få tilskot til?

Du kan få tilskot til varige tiltak som gjer bustaden enklare og tryggare å bu i når du blir eldre. Du kan ikkje få tilskot til vanleg oppussing eller modernisering.

Du må velje tiltak frå minst éin av desse kategoriane:

  • lage trinnfri tilkomst til bustaden
  • samle nødvendige rom på inngangsplanet
  • gjere det lettare å bevege seg rundt i bustaden
  • gjere badet enklare å bruke
  • gjere bustaden tryggare og enklare å fungere i
  • gjere endringar i terrenget eller på bygningen etter vedtak frå Nav

På nettsida til Husbanken kan du lese meir om kva slags tiltak som høyrer til kvar kategori.

Les meir om tilskotet hos Husbanken

Slik søker du (tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad)