Tid for handling! - Kommunedirektøren sitt utkast til budsjett- og økonomiplan 2025 - 2028

Parallell handsaming av budsjett- og økonomiplan for 2025-28, kommuneplanen sin samfunnsdel og oppvekstplan gjer at vi kan vurdere tiltak, satsingar og politikkutforming i høve langsiktig tilpassingsevne og kortsiktig handling. Vi har den siste tida hatt ei krevjande økonomiske utvikling. Det er lagt ein plan for å løyse utfordringane, men den krev no vedtak. Sjølvsagt er denne utfordrande ovanfor tilsette og innbyggjarane og den vil krevje mykje av oss. Det er likevel slik at vi ikkje kan utsette handling no.

Les kommunedirektøren sitt utkast til budsjett- og økonomiplan 2025-2028

Hovudgrepa i framlegg til budsjett- og økonomiplan

Inntektene er budsjettert slik det ligg føringar i departementet og i samsvar med folketalsprognose (folketalsprognosen ligg noko over SSB sin forventningar) lagt i kommuneplanen sin samfunnsdel. Kommunaldepartementet sine nye frie inntekter signalisert 1. november har gjort at vi har balanse i 2025, og vi slepp å nytte fond til løpande drift.

Folketalsprognosen er også i samsvar med kva finansutvalet har drøfta. Kommunedirektøren har måtte forsere og auke nokre av omstillingskrava slik at det samla nedtrekket på tenesterammer er 130 mill. kr. i 4-års perioden, slik at vi oppnår balanse i økonomiplan. Prosessen i haust med finansutvalet har fått fram kring 80 innsparingstiltak som i stor grad må gjennomførast. 

Eigedomsskatt er ikkje endra då dette ikkje har vore drøfta med finansutvalet i haust. Vi legg til grunn ei renteutvikling slik vi ser det no, med ein svakt fallande renteutvikling utover økonomiplanperioden.

Grepa gjer at vi legg grunnlag for gjennomføring av investeringsprogrammet

Tiltak i økonomiplan gjer at vi kan gjennomføre investeringsprogrammet som var lagt fram til handsaming i samband med revidert budsjett i juni, og slik det var drøfta med i finansutvalet i haust. Det er likevel slik at om vi ikkje gjer strukturtiltak og vedtar desse no, kan vi ikkje gjennomføre investeringsprogrammet. 

Finansielle måltal

Dei finansielle måltala er eit stykke unna kommunestyret sine føringar. Økonomiplanen legg opp til lågare netto driftsresultat enn måla for Kinn og landet forøvrig (Gjennomsnittleg 1% mot 2% kva som ei sunn økonomisk budsjettering skulle tilseie). Disposisjonsfondet er budsjettert å bli 4% av driftsinntektene i 2028, mot 8% måltal som sett av kommunestyret. Lånegjelda aukar til 3,6 mrd. og utgjer 170% av brutto driftsinntekter.

Attraktivitet og omstilling – tap av attraktivitet ved utsett omstilling!

Kommuneplanen sin samfunnsdel legg opp til to hovudmål for neste 12-års periode. Attraktivitet og omstilling er valt som satsingsområde. Visjonen «Saman har vi handlekraft på kysten» viser at det er to satsingsområde vi skal jobbe med.

Høyringsdokument til kommuneplanen sin samfunnsdel og temaplan for oppvekstsektoren vart lagt ut til offentleg ettersyn før sommaren og kjem no til sluttføring. Det er kommunedirektøren si vurdering at tap av attraktivitet vil bli større om vi ikkje handlar no, og vi vil ikkje vere i stand til å takle det høge investeringsnivået kommunestyret legg opp til utan grepa i denne planen.

Ressursrik kommune

Kommunen er særs rik på naturressursar, har variert lags- og foreiningsliv, gode framtidsmoglegheiter og eit sterkt næringsliv. 

Utfordringa for næringslivet knyter seg til tilgang på areal, dekke behovet for kraft, skaffe fagfolk og handtere endringar i rammevilkår. Vi er kome langt med ein utviklande arealplan og såleis leggje til rette for arealtilgang. Realisering av næringspotensiale vil vidare krevje samarbeid og stor grad av politisk/administrativt arbeid mot nasjonale og regionale mynde, for å skaffe ressursar til omstilling og sikre rammevilkår for vårt næringsliv. Arbeidskraftutfordringa i næringslivet er samanfallande med kva kommunen opplever.

Folketalsutviklinga

Eit sterkt næringsliv dannar grunnlag for at folketalet ikkje forvitrar, men som kystsamfunn er vi vel vande med at sysselsetting, arbeidsplassar og aktivitet raskt endrar seg. Vekst i næringslivet kjem samfunnet til gode i form av høg verdiskaping, men ikkje alltid mange fleire arbeidsplassar. Dei siste åra har mottak og integrering av flyktningar kompensert for andre som har flytta ut. Vår prognose for folketalsutviklinga ligg litt over SSB sin mest trulege prognose for Kinn. Det knyter seg usikkerheit dersom flyktningar med mellombels beskyttelse forlét kommunen. 

Omstilling – «skape ein attraktiv kommune»

Vi veit at vi blir fleire eldre og færre barn. Eit viktig grep er å satse på byane med lokalisering av kommunale tenester. Fortetting vil skape ein attraktiv kommune. Dette gjev færre bygg å drifte. Vi omtalar dette som «10 minuttars byen». Det er likevel ikkje slik at vi ikkje har arealpolitikk andre stader i kommunen, men kommunale tenester bør i større grad lokaliserast til færre bygg. 

I grendene er det sett av område for bustader, næring, og fritid. Kapasiteten på institusjonstilbodet er tilfredsstillande i Måløy, men realisering av Albertatunet er sentralt for å kunne yte tenester framover i Florø. Det er gjort tilpassing i tildeling av tenester for å kunne handtere framtidige utfordringar. Saman med næringslivet har også kommunen behov for arbeidskraft.

For tilbodet til eldre ønskjer vi også å prioritere bustader og institusjonar for å tilpasse «10 minuttars byen». Det viktigaste prosjektet er bygging av ny institusjon i Florø sentrum, som samlokaliserer helse- og omsorgstilboda i denne delen av kommunen. Her byggjer vi også ein fleirfagleg arena som er den viktigaste faktoren for rekruttering.

Endringar i skulestruktur 

Framlegga i økonomiplan, temaplan for oppvekst og kommuneplanen sin samfunnsdel baserer seg på nedlegging av Krokane, Stavang og Raudeberg skule. Som grunnlag for planarbeidet er det gjort ei konsekvensvurdering med omsyn på føremoner og ulemper av eit slikt framlegg til ny skulestruktur. Vi legg også vekt på å kunne gje likeverdige tenester til elevane våre. Barna sitt beste er sentralt i vurderingane. Arbeid med skulestruktur er ikkje nok for å nå økonomiplanmåla, og det vert parallelt jobba organisering av undervisninga med mål om lågare ressursbruk.

I samband med vurdering av innspel til kommuneplanen sin samfunnsdel har vi ikkje funne tilstrekkeleg dokumentasjon på at vi taper tilflytting av nye innbyggjarar til kommunen om det gjerast endringar i skulestruktur. Det kan vere utfordrande for tilsette og dei som høyrer til i skulekretsen som blir råka, men endringar i flyttemønster, bustadbygging og stadutvikling har mange fleire variablar enn skulestrukturen. 

Kommunedirektøren er sterkt uroa for tilbodet til elevane om vi ikkje gjer strukturendringar. Ein har heller ikkje då moglegheit til å rehabilitere alle skulebygga. Her må vi prioritere. 

Driftssituasjonen er kritisk, og justering av grunnskuleramma til eit nivå som samanlikningskommunane er særs utfordrande i seg sjølv. Det er derfor ikkje lenger mogleg å oppretthalde skulesktrukturen slik den er i dag. Grunnskule kan ikkje drivast innanfor lærararnorm og vi vil drive ulovleg om vi ikkje gjer endringar. Med fleire av bygga sin forfatning kan vi heller ikkje innstå for kor lenge vi kan drive dei utan omfattande pålegg. 

Vi bør der gjennomføre endringar på ein planlagt og trygg måte. Med færre elevar vil vi heller ikkje klare å organisere undervisninga på kvar einskilde skule. Endringar i skulestrukturen er difor også ein føresetnad for å kunne handtere det planlagde nedtaket innanfor skule i økonomiplanperioden, kor det ligg inne at skule skal driftast for 24 mill. kr. mindre pr. år når vi kjem til 2028.

Utfordringar med å oppnå balanse – tiltak i finansutvalet som ligg til grunn

I 2023 og 2024 har ein nytta stor grad av fond for å dekke inn ubalanse og nye tiltak. Dette gjer situasjonen meir prekær no. Kommunestyret gav finansutvalet (sak 087/24) i oppgåve å aktivt vere med i økonomiplanarbeidet som er gjennomført denne hausten. Administrasjonen og finansutvalet har jobba saman for få fram betre grunnlag for avgjerd til kommunestyret. Finansutvalet har fått påverke kva tiltak som skal greiast ut, føresetnader for inntektsanslag og befolkningsendringa, samt investeringsprogrammet. Tillitsvalde, leiarar og andre fagpersonar er med i gruppene. I rapporten som no vert lagt fram viser vi høgare innsparingsgrad enn målsettinga, og desse tiltaka er i stor grad innarbeidd i økonomiplan. 

Arbeidsgruppene har gjort ein særs god jobb med å peike på potensiale for forbetring, strukturtiltak og endra ressursbruk. Likevel var ikkje tiltaka store nok til å få balanse på kort sikt og det er innarbeidd ytterlegare innsparingar. Tiltaka er vurdert i høve tidlegare realisering og ein har forsterka innsparingskrava. Sidan finansutvalet ikkje har drøfta endring i eigedomsskatt, og heller ikkje bede om konsekvensvurdering av inntektsauke her, har heller ikkje kommunedirektøren gjort framlegg om dette. Men dette har sjølvsagt den effekt at innstrammingane er større og konsekvensane er meir vanskeleg. Gebyra innan VA står tilnærma stille frå 2024 til 2025, barnehageprisane er redusert til 1500.  

Ressurssituasjon er krevjande innan omsorgstenestene. Vi har ikkje nok ressursar til å møte fleire eldre på same måte som vi gjev tenester på i dag. Innbyggjarane må i større grad ivareta eiga helse, alderdom og bustad. Vesentleg fleire eldre krev ei endring i tildeling av tenester og bruk av velferdsteknologi. I forhold til i dag vil nesten alle tenesteområde og tenester får nedtrekk i tal stillingar. Sjølv om vi må gjennom desse tiltaka vil det vere krevjande for tilsette. Men det er truleg einaste veg for å komme vidare med dei investeringane som er valt.

Det er også viktig å peike på at om vi ikkje oppnår effekt for endra finansiering av båtrutene må vi dekke opp dette med bruk av fondsmidlar. Derfor er det viktig at det ligg ei avsetning og ein liten reserve.

Økonomiplan – alternativt opplegg

Kommunedirektøren sitt primære budsjett- og økonomiplanframlegg ville ha vore å ta vekk alle investeringane til vi var i mål med omstillingane, hadde fått ei drift i balanse og oppnådd overskott. Det er vanskeleg å lage ein økonomiplan med normale vilkår, med utgangspunkt i kommunen sitt høge gjeldsnivå.  Når vi legg opp til særs stor vekst i netto lånegjeld skaper dette «sjokk i tenesteproduksjonen» og gjer at vi må gjennomføre eit omfattande, naudsynt og stort kutt i tenesteproduksjonen, for å få samsvar mellom inntekter og utgifter. Vi må likevel gjennomføre dei investeringane som no ligg der, og då må vi «stålsette» oss for å handtere utfordringane som kjem. 

Kommunelova sitt realismekrav

Vi har gjort ein jobb med å sikre balanse i økonomiplanen slik kommunelova krev. Kommunelova legg også føringar for at endringar skal være realistiske å oppnå. Realismekravet til driftsreduksjonar er knytt til i kva grad politiske organ vil forplikte seg til å gjennomføre endringar i skulestruktur og tenestetildeling, innanfor lovverket, men kanskje på ein lågare standard enn kva ein tidlegare har vore vande med. 

Opphavleg publisert 05.11.2024