Tenesteleiar for Albertatunet omsorgssenter er tilsett!Lytt til tekstenStopp avspillingVi er glade for at Even Hallingstad har takka ja til stilling som tenesteleiar for Albertatunet omsorgssenter. Even vil også vere tenesteleiar på Furuhaugane omsorgssenter fram til Albertatunet står ferdig.Even kjem frå Tysvær i Rogaland, er 35 år gamal og bur no i Florø med sambuar og barn. Han vart ferdig utdanna sjukepleiar i 2018 og er no nesten ferdig med ei årseining i helseleiing.Even har brei erfaring frå ulike arbeidsforhold. Han har i mange år vore assistent og sjukepleiar i Helse Bergen og Helse Fonna, og har også jobba som sjukepleiar i Karmøy kommune. I 2019 byrja han å arbeide i heimetenesta i Kinn kommune. Deretter hadde han eit vikariat som avdelingsleiar på Furuhaugane omsorgssenter før han hausten 2022 tok til som tenesteleiar i Eikefjord heimeteneste, der han fram til no har vore tilsett. Even har også hatt rolla som hovudtillitsvalt for Norsk sjukepleiarforbund i Kinn kommune. Lukke til med nye utfordringar! Publisert 21.11.2024 15.59 Sist endra 21.11.2024 16.08