Temaplan for oppvekst leggast fram til vedtak

For å gje barn og unge god utdanning og gode oppvekstforhold må mange arbeide saman på nye måtar. Gode oppvekstforhold og ei berekraftig samfunnsutvikling inneber gode tenester med kvalitet, prega av heilskap og samanheng. Oppvekstplanen synleggjer korleis kommunen vil følgje opp dette.

Temaplan for oppvekst er ein strategisk plan for tenesteområda barnehage, grunnskule, PPT, barnevern, kulturskulen, vaksenopplæringa og helsestasjon. Planen gjeld og for samarbeid med relevante tenesteområde som mellom anna BUP, fysio-ergoterapiavdelinga, fastlegar, koordinerande eining og kultur. Målet med planen er å sikre heilskapleg grep om oppveksten i Kinn. Vi skal vere saman om å skape ein god oppvekst.

Framlegga i økonomiplan, temaplan for oppvekst og kommuneplanen sin samfunnsdel baserer seg på nedlegging av Krokane, Stavang og Raudeberg skule. Kommunen har ikkje økonomi til å rehabilitere alle skulebygga som er i drift i dag, og ein må difor prioritere blant skulebygga. 

Endringar i skulestrukturen, i tillegg til andre omstillingstiltak innan grunnskule, er ein føresetnad for å kunne gje tilfredstillande grunnskuleundervisning når elevtalet synk. Elevtalsnedgangen frå skuleåret 2023/24 til 2024/25 på 80 elevar, sjølv med det relativt store talet elevar skulane har teke imot av busette i denne perioden. Elevtalsnedgangen er soleis ikkje berre noko som ligg i prognosane, men ein realitet som vi har sett dei siste åra. 

Florø barneskole hatt ein relativt stor elevtalsnedgang dei siste åra. Skulen har skuleåret 2024/25 98 elevar færre enn i skuleåret 2019/20. Elevtalsnedgangen er for Krokane skule 50 elevar i same tidsperiode. Raudeberg skule hadde i 2019/20 102 elevar, og fødselskulla indikerer at skulen kan få så få elvar som 50 i 2029/30. Planen tek også omsyn til gjenbruk av nedlagde skulebygg og peikar potensiale for bustadutvikling, park og leik.