Telenor inviterer til folkemøte om fiberutbygging

Telenor og Kinn kommune har signert kontrakt om utbygging av fiber til fleire område i Måløy og Florø. I samband med dette inviterer Telenor til informasjonsmøte om prosjekta neste veke. 

I Måløy er det følgande område: Silda, Nygård/Skavøypollen/Evja, Brandthamna, Hagen. 

I Florø er det følgande område: Helgøya, Mækjevika, Steindalen/Svardal.

  • Folkemøte for områda i Måløy: Formannskapssalen, Måløy rådhus, onsdag 28. februar frå kl. 18.00.
  • Folkemøte for områda i Florø: Eikefjord barne- og ungdomsskule, torsdag 29. februar frå kl. 18.00
Kartutsnitt som syner område for fiberutbygging i Florø- og Måløyområdet - Klikk for stort bilete