Takk for innsatsen, Kåre!Lytt til tekstenStopp avspillingEtter mange år som rektor og ein sterk pådrivar for Vågsøy ungdomsskule og elevane sine, går Kåre Bakke no av med pensjon. Med varme, klokskap og eit urokkeleg engasjement har han vore ein trygg og inspirerande leiar for både personale og elevar – og no har han takka av sin siste 10. klasse.Kåre har sett varige spor i skulemiljøet vårt. Han har vore ein leiar som har sett kvar enkelt, bygd fellesskap og skapt ein kultur prega av tryggleik og læringsglede. Vi i Kinn kommune takkar han for ein uvurderleg innsats, og ønskjer han alt godt i pensjonistlivet! Publisert 20.06.2025 08.10 Sist endra 20.06.2025 08.19