Svar på 11 spørsmål om skulestruktur som mange lurar på

Her kan du lese svar på mange spørsmål som er stilt kring saka om skulestruktur.

1. Kvifor kjem spørsmål om skulestruktur opp no?

Planprogram til kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteke, og temaplan for oppvekst vart utarbeidd i 2022 og 2023. Planarbeidet har teke utgangspunkt i korleis tilpasse seg demografiske, tenestemessige og økonomiske forhold.

2. Korleis endrar demografien seg i Kinn kommune?

Kinn kommune har større folketilvekst enn mange kommunar og vi ligg over SSB sin prognose. Dei neste åra vil vi likevel få færre barn og fleire eldre. Kommunen får lågare inntekter som følgje av færre barn, og har høgare utgifter til eldre.

3. Korleis har endringar i skulestruktur vore utgreidd?

Agenda Kaupang har jobba med økonomiske analysar, og OSE (konsulentselskap) har vurdert tilstanden på skulebygga. Norconsult har supplert bygganalysen og utarbeidd 4 ulike skulestrukturalternativ.

4. Korleis har prosessen vore?

Kommunestyret har hatt fleire kommunekonferansar om arbeidet (leiarar, tillitsvalde og kommunestyrerepresentantar). Formannskapet og alle utvala har vurdert og påverka innhaldet. Planane har vore på offentleg høyring til 30. september og vi har fått mange skriftlege innspel. Det har vore høyrings- og innspelsmøte med skulane, foreldrearbeidsutval, lag og organisasjonar og ungdomen sitt kommunestyre, innbyggjardialog og innbyggjarundersøking leia av Sentio.

5. Kva er føreslått?

Kommunestyre sitt høyringsdokument hadde 4 alternativ; halde fram som i dag, moderat endring (3 færre skular) og radikal endring (5 skular). Det ligg no framlegg om å legge ned skulane Stavang frå 2025, Raudeberg frå 2027 og Krokane frå 2028.

6. Kva er konsekvensane av å endre skulestruktur?

Konsekvensane av strukturendringane er vurdert. Å sikre likeverdige tenester for alle barn er vektlagt. Barna sitt beste er sentralt i vurderingane sett i forhold til nærskule, reisetid, læringsmiljø og oppgraderte læringsareal tilpassa elevtalsgrunnlaget. Endringar i flyttemønster, bustadbygging og stadutvikling blir i mindre grad påverka av strukturendringar. Strukturendringar er nødvendig for å oppnå likeverdig grunnskuleopplæring.

7. Kor mange elevar vil det gå på Skram skole om denne blir slått saman med Raudeberg?

I dei første åra etter eventuell samanslåing reknar vi med at elevtalet vil ligge mellom 289 og 246 elevar basert på dagens elevtal og prognosegrunnlag. I våre prognosar tek vi omsyn til bustadbyggeprogrammet og folketalsutvikling.

Prognoser elevtal mot 2030
- 2024/25 2025/26 2026/27 2027/28 2028/29 2029/30
Elevtal 317 293 277 272 255 246
Prognose* 302 300 289 280 271

Elevar: Tala viser elevar som vi i dag har i skule og barnehage (folkeregisteret)
Prognose: Elevtal lagt til forventa framtidig folketalsendring (høgare vekst enn SSB)

Norconsult har peika på at det er plass til elevane då skulen er planlagt med gode læringsareal (mindre justering av kapasitet på ventilasjon og brannkrav i samband med byggeprosjektet). Ein nyttar då same arealfaktor som Brandsøy og Eikefjord skule. Budsjettet er godkjend av kommunestyret i 2023 (330 mill. kr.) og er ikkje endra.

8. Er det nok plass til elevane ved Florø barneskole om skulen blir slått saman med Krokane?

I investeringsprogrammet er det sett av 191 mill. kr. til rehabilitering av Florø barneskole (inklusiv gymsal). Oppgradering og utviding av skulen må gjerast uavhengig av om skulekrinsane i sentrum av Florø blir slått saman. Elevtalet i samanslåingsåret vil bli mellom 485 elevar til 540 elevar (sjå føresetnader over). 

Florø barneskole slått saman med Krokane skule
- 2024/25 2025/26 2026/27 2027/28 2028/29 2029/30
Elevar 521 510 508 509 485 474
Prognose 548 551 544 540 526

9. Vil elevane få trygg skuleveg når ein slår saman skular?

Reguleringsplan og investeringsprosjektet for Skram skole legg føringar for ny av- og påstigning for buss, og lettar elevtilkomst til skulen. I Florø sentrum legg reguleringsplan og investeringsprosjekt for Sjukehustomta opp til ny tilkomst for elevar og av/påstigning (søsterboligane). Planverket legg til grunn fleire gang- og sykkelvegar, samt at vi jobbar med andre tiltak.

10. Kva er innsparing på skulestruktur?

Det er rekna med å spare 18,8 mill. kr. på skulestruktur.

10. Kva er alternativet til endringar i skulestruktur?

Kinn kommune vil få mindre overføringar på omlag 24 mill. kr. (4 år) som fylgje av færre elevar. Utan skulestrukturtiltak vil vi ikkje ha ressursar til å organisere undervisninga innanfor lærarenorma.  Dersom ikkje det blir gjennomført strukturendringar må grunnskule tilførast auka rammer. Dette kan gå utover planlagde investeringar eller andre viktige tilbod til innbyggjarane. Gjennom hausten har kring 50 medarbeidarar vurdert kring 80 innsparingsframlegg saman med finansutvalet. I økonomiplan 2025-28 er det gjort framlegg om innsparing som fylgje av færre elevar på 24 mill. kr. og strukturtiltak 12 mill. kr. (2025-2029).

11. Korleis er tilstanden på skulebygga?

Krokane skule og Florø barneskole er vurdert til å være mindre eigna ut frå vurdering om korleis skular bør utformast (Norconsult) og nødvendige funksjonar skulane bør ha. Desse skulane treng også store bygningsmessige rehabiliteringstiltak. I økonomiplanen har vi ikkje funne rom til å investere både i Krokane og Florø barneskole. Florø barneskole er valt ut frå rehabiliteringspotensiale, kortast skuleveg for flest, har størst elevkapasitet og har nye store uteareal som vert gjort tilgjengeleg. Skavøypoll skule treng også rehabilitering, men er vurdert å vere eigna ut frå funksjonsgjennomgangen. Her vil vi gradvis rehabilitere skulen. Skram skole skal fornyast med anbodet som no er lyst ut.