Styrking av leiarskapet i KinnLytt til tekstenStopp avspillingVi er no i gang med eit leiarutviklingsprogram i samarbeid med KS Konsulent. Programmet går over to år og omfattar åtte samlingar med deltakarar frå alle nivå: tenesteleiarar, kommunalsjefar, stabsleiarar, kommunedirektør, rådgjevarar med leiarstøttefunksjonar – og tillitsvalde. Satsinga er i stor grad finansiert av midlar frå opplærings- og utviklingsmidlar (OU) frå KS.Leiarstøtte som nøkkel i omstillingKinn står framfor store omstillingar både økonomisk og i tenesteutviklinga, som følgje av demografiske og samfunnsmessige endringar. I denne situasjonen er leiarstøtte eit avgjerande grep for å lukkast. Programmet skal gi leiarane kompetanse og verktøy til å stå i endring, fremje motivasjon og sikre ein berekraftig utvikling av tenestene.Mål for programmetLeiarutviklingsprogrammet skalskape felles forståing av godt leiarskap, medarbeidarskap og organisasjonskulturfremje framtidsretta og berekraftig leiing med vekt på omstillingsevneutvikle leiarar som byggjer godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidararstyrke evna til å delegere, myndiggjere og følgje opp medarbeidararbygge kompetanse i å leie lærande prosessar og utviklande leiargruppersikre felles leiarplattform i tråd med kommunen sine verdiar og arbeidsgjevarpolitikkstyrke forståinga for godt partssamarbeid i tråd med HovedavtalenGod start på leiarsamling i slutten av augustFørste samling var gjennomført i slutten av august, og tilbakemeldingane frå deltakarane var særs gode. Med oss frå KS Konsulent var kursleiarar Ingelin Burkeland og Hilde Reikrås. Ei viktig investering som blir viktig for framtidaProgrammet er ein viktig investering i leiarkrafta i Kinn kommune. Satsinga skal gjere leiarane betre rusta til å møte endringane kommunen står i – til det beste for både deg som innbyggar og medarbeidarane. Publisert 12.09.2025 10.00 Sist endra 10.09.2025 12.40