Beredskapsgruppa i Kinn kommune har vore samla i forkant av stormen “Amy” som er meldt.
Beredskapsgruppa i Kinn har vore samla og gått gjennom dei ulike tenestene og er førebudd om noko skal skje i samband med stormen “Amy” som er meldt komande døgn.
Kinn kommune vil oppmode innbyggjarar om å sikre trampoliner og andre lause gjenstandar som kan bli tatt av vind for å hindre skade på person/eigedom.
Publisert 03.10.2025 13.33
Sist endra 03.10.2025 13.44