Stor innsats og leseglede under KinnLes 2025!

Torsdag 13. februar var Florø kulturhus fylt med spente elevar og engasjerte lærarar når finalen i KinnLes 2025 gjekk av stabelen. Etter fire veker med intensiv lesing var det endeleg tid for quizfinale og hovudtrekking av premiar!

KinnLes er eit kommunalt leseløft som inspirerer barneskuleelevar til å lese meir – og det med stor suksess! Frå 13. januar til 7. februar har 1390 elevar frå 1. til 7. klasse delteke i konkurransen.  Fokuset har vore på all slags type lesing; høgtlesing, stillelesing, lesing av bøker, teikneseriar, oppskrifter og mykje anna både på engelsk, norsk og andre morsmål. I snitt har kvar elev lese 28,5 timar i perioden, noko som viser både innsatsvilje og stor leseglede.

I løpet av konkurransen har skulane arrangert lokale quizrundar der dei beste laga frå 1.–4. klasse og 5.–7. klasse gjekk vidare til den kommunale finalen. I festsalen på Florø kulturhus viste finalistane både kunnskap og lagånd, medan salen følgde entusiastisk med i konkurransen.

Premieringa var ei høgdepunkt, der vinnarane kunne gå heim med flotte gåvekort:

  • 3. premie: 2 gåvekort på 500 kr
  • 2. premie: 2 gåvekort på 1000 kr
  • Hovudpremie: 2 gåvekort på 2000 kr

Vi er stolte over engasjementet og innsatsen til alle deltakarane.

Med KinnLes håpar vi lesing har fått eit løft dei siste åra – og kanskje har barna oppdaga ei ny favorittbok eller to? Vi ser allereie fram til neste års konkurranse!