Sterkt oppmøte på konferanse om sårbare barn i barnehage

Kinn kommune deltok med ei samla gruppe frå private og kommunale barnehagar då BVO-dagane gjekk føre seg måndag og tysdag denne veka. BVO – Barnas verneombod – jobbar for at barn skal vere trygge, bli sett og få den hjelpa dei treng. Årets konferanse omhandla temaet sårbare barn i barnehagen.

15 leiarar og fagpersonar frå private og kommunale barnehagar deltok på BVO-dagane i Oslo Barnehage.no v/ Anders Bergundhaugen

Deltakinga samla 15 leiarar og fagpersonar frå heile kommunen, og speglar kor viktig dette temaet er for Kinn. Dei deltok på faglege innlegg mellom anna om korleis motverke mobbing, få til inkludering, skape best moglege vilkår for læring og trivsel, og korleis vi som samfunn kan møte barn som treng ekstra støtte på ein trygg og klok måte.

Konferansen gav både ny kunnskap og rom for gode samtalar mellom barnehagane. Arbeidet med sårbare barn står heilt sentralt i høve til våre overordna verdiar - og korleis vi samhandlar på tvers av kommunale tenester. Gjennom felles læring og deling av erfaringar styrker barnehagane kompetansen, samhandlinga og fellesskapet sitt.

Deltakarane peikar spesielt på kor verdifullt det er å ta med faglege trykkpunkt heim til barnehagekvardagen. Slik får barnehagane våre eit endå betre grunnlag for å sjå kvart enkelt barn, støtte dei som treng det, og bygge barnehagar der alle barn opplever eit trygt og inkluderande fellesskap.

Kinn si deltaking blei omtala redaksjonelt av Barnehage.no - du kan lese meir om dette i deira artikkel.