Statsforvaltaren kjem på kommunebesøk til KinnLytt til tekstenStopp avspillingStatsforvaltaren gjennomfører måndag 17. november eit kommunebesøk i Kinn, der politisk og administrativ leiing møter heile leiargruppa frå Statsforvaltaren. Møtet går føre seg på Havglytt i Florø frå klokka 9.30 til 14.30. Til besøket har Statsforvaltaren utarbeidd eit kommunebilde for Kinn – eit digitalt støtte- og styringsverktøy som visualiserer nøkkeltal og fakta etter ein ROS-modell, både for kommunen som heilskap og for dei ulike tenesteområda. Kommunebildet er utvikla i samarbeid mellom Kommunal- og distriktsdepartementet, Statsforvaltarens fellestenester og statsforvaltarane.Kommunebildet er grunnlaget for kva tema partane går nærare inn på under møtet. Kinn kommune stiller med formannskapet, gruppeleiarane og kommuneleiargruppa, medan Statsforvaltaren møter med statsforvaltaren sjølv og alle avdelingsdirektørane.Etter kommunebesøket blir kommunebildet og ei skriftleg tilbakemelding gjort offentleg på nettsida til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren har til no gjennomført tilsvarande besøk i 13 kommunar i Vestland. Kommunebilda for alle desse ligg tilgjengelege under «Kommunal styring / kommunedialog med kommunebilde» på heimesida deira. Publisert 17.11.2025 08.42 Sist endra 17.11.2025 08.42