Statnett og Linja skal sjå på moglegheiter for trafostasjon på Grov

Ordførar Bengt Solheim-Olsen er opptatt av å sikre næringslivet sitt grunnlag for verdiskaping. Mellom anna inneber dette  tilstrekkeleg med kraft og linjekapasitet. Difor inviterte han i går til møte med Statnett om trafostasjon på Grov. På møtet inviterte han med fylkesordførar frå Vestland fylkeskommune, ordførar i Bremanger, representantar frå Linja og Statnett.

Enkelt forklart har vi ein «4-felts motorveg» gjennom kommunen for kraft med 420 volts linja som går gjennom kommunen, utan at vi har avkøyring frå denne «vegen». Ein trafo på Grov vil gje oss ei slik naudsynt «avkøyring» for å sikre framtidig kraftbehov for næringslivet i framtida.

Områdeplan som Statnett offentleggjorde i februar 2023 viste investering på Grov som eitt av dei langsiktige tiltaka i vår region. Men i systemutviklingsplanen som vart offentleg i fjor haust var ikkje dette tydeleg omtalt. For ordføraren var dette viktig å få klarheit i. 

Eit kartutsnitt av regionen vår, med punkt som Statnett vurderer som aktuelle område for transformatorstasjonar. - Klikk for stort bilete Kinn kommune

I møtet la kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen fram korleis vi jobbar med næringsarealutnytting i Kinn kommune. Han orienterte også om arbeidet med arealplanen og viste regionale utviklingsplanar i regionen opp mot det grøne skiftet. 

Linja argumenterer for ei utbygging av transmisjonsnettet med ein ny stasjon på Grov. Etter Linja sitt syn er dette med på å auke forsyningssikkerheita i regionen og avgrense behovet for utbygging av fleire lokale linjeføringar.

Statnett stadfesta at Grov ikkje har falt ut av planane deira, med utgangspunkt i framtidig forbruksvekst og utbygging av havvind og andre næringsprosjekt. Statnett konkretiserte at dei vil gjennomføre i saman med Linja ei samfunnsøkonomisk analyse, som er eit naudsynt steg i framtidig konsesjonshandsaming.

Ordføraren var tilfreds med møtet, spesielt konklusjonen at arbeidet med områdeplanen vert arbeidd vidare med frå Linja og Statnett si side. For Kinn kommune er det viktig å jobbe for kraft til industrien og sikre verdiskaping og arbeidsplassar. 

Fylkesordføraren er spent på korleis Statnett vil handtere denne situasjonen framover, og er opptatt av kraft og forsyningssikkerheit i Vestland. Difor er denne typen møter viktig.