Søknad til skuleåret 2024/2025 - Kinn kulturskule

No kan du søke plass til det nye skuleåret på Kinn kulturskule.

Vi i Kinn kulturskule er i gang med å planlegge nytt skuleår. 

Vi har i år følgande fristar:

  • Frist for endring/reregistrering/utmelding: Søndag 26. mai. 
    Er du elev og vil fortsette som før? Då treng du ikkje gjere noko. Elevplassen er då bindande.
  • Frist for nye søkarar: Søndag 9. juni  
    (Dette er arbeidsfrist. Du kan likevel søke fortløpande).


For å endre noko kan du gå til www.kinnkulturskule og trykk "Logg inn på SpeedAdmin ". 

Er du ny elev og ikkje registrert, gå til www.kinnkulturskule og trykk "Ny søkar ".

Vi har dyktige og godt utdanna lærarar som undervise i nivå frå nybegynnarar til vidarekomne innan dei estetiske faga.