Snikopning av kiosken på Florø kulturhusLytt til tekstenStopp avspillingOnsdag kveld kunne kinogjengarar på storfilmen om Gunnar «Kjakan» Sønsteby få med seg snikopning av den nye kiosken på Florø kulturhus.Etter ombygging dei siste månadane er kiosken på kulturhuset endeleg snart klar for full drift. Dei fleste varene er no på plass og resten kjem i løpet av få dagar om alt går etter planen. Offisiell opning vil skje etter ein periode med prøvedrift.Denne veka kunne dei første kinogjengarane få prøve den sjølvbetjente kassa. For dei som ønskjer å handle på tradisjonelt vis vil dette også vere mogleg. Kiosken vil vere open ved alle arrangement med mindre anna er avtalt med arrangør. Som før oppmodar kulturhuset om at det er flott om publikum også kjøper billettar på nett.- Kiosken blir eit viktig tilskot til drifta vår av huset. Vi er fornøgde med resultatet, og håpar publikum også vil bli det, seier kultursjef Anita Solbakken.Den store kinodagen er på laurdag!Førstkomande laurdag er den store kinodagen landet over, og då med fleire filmar til halv pris. Følg med på kulturhusa sine nettsider for full oversikt over både kultur- og kinoprogram.Måløy kinoFlorø kino Publisert 01.11.2024 09.10 Sist endra 01.11.2024 11.04