Sluttrapport «Ringverknader knytt til Stad skipstunnel» Lytt til tekstenStopp avspillingKommunane Stad, Vanylven og Kinn har gjennomført forprosjektet «Ringverknader knytt til Stad skipstunnel». Sluttrapport er no utarbeidd, og den vitnar om stor optimisme rundt effektane av Stad skipstunnel. Målet med forprosjektet Målet med forprosjektet har vore å sjå på kva verdiskaping bygging og realisering av Stad skipstunnel kan medføre gjennom utvikling av reisemål, lokalsamfunn og næring. I tillegg har ein sett på kva effektive transportaksar og auka mobilitet for innbyggjarar, reiseliv og næringsliv kan bety for ein større region langs vestlandskysten. Forprosjektet er gjennomført av vekstselskapa i Stad, Vanylven og Kinn. To hovudområde har hatt særskilt fokus: Marin og maritim næring sjøvegen og på land, og stad- og destinasjonsutvikling i nærområdet til tunnelen. I sluttrapporten, som blei offentleggjort denne veka, kjem det fram at næringslivet ventar seg stor vekst når skipstunnelen gjer regionen til eit knutepunkt langs kysten. Stad skipstunnel vil opne opp for ein større og meir konkurransedyktig bu- og arbeidsregion mellom Ålesund og Florø. For reiselivet vil realisering av Stad skipstunnel bety auka interesse og besøk, både i anleggsperioden og etter opning. For å utnytte moglegheitene ved realisering av Stad skipstunnel har forprosjektet peika på seks sentrale utviklingsområde Ta i bruk felles stads- og destinasjonskonsept Forsterke klyngesamarbeid i marin og maritim næring på tvers av kommunar og fylke Forsterke samarbeidsrelasjonar i reiselivet på tvers av kommunar og fylke Berekraftig produksjonsutvikling basert på regionen sine eigne ressursar og fortrinn Ny og forbetra infrastruktur land- og sjøvegen Styrke og effektivisere samhandling mellom bedrift, kommunar og fylke Heile rapporten kan lesast her Publisert 04.09.2023 08.40 Sist endra 06.09.2023 14.17