Slik blir du betre førebudd på krise

Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVE. Vi oppfordrar alle innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen.

Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. 
På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen
I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis du kan få dekt grunnleggjande behov i ein krisesituasjon.

Du er ein del av beredskapen i Noreg 

Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle.

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. 

Heile Noreg øver

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at vi står betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser.