Skal Kinn legge til rette for meir næringsareal kring Florelandet nord?

Plan- og miljøutvalet skal 9. september ta stilling til om Kinn kommune bør sette av nye areal til næringsverksemd kring Florelandet nord. Vedtaket blir styrande for korleis endeleg utkast til kommuneplanen sin arealdel ser ut, før denne skal til ny politisk handsaming den 14. oktober, med framlegg om å legge planen ut på andre gangs høyring. 

Eit område med lange tradisjonar 

Området kring Fjord Base nord for Florø er i dag eit etablert næringsområde, med røter i tenester til oljeverksemda. Samstundes arbeider mange av aktørane med å omstille seg mot grøn næringsutvikling, til dømes havvind, landbasert oppdrett og sirkulær økonomi. 

Spørsmålet no 

Kinn kommune må avgjere om nye areal skal takast i bruk for å legge til rette for vidare næringsutvikling, eller om nye initiativ skal finne plass innanfor eksisterande område. Dette er ein del av ein større nasjonal diskusjon: korleis kombinere behovet for verdiskaping, arbeidsplassar og grøn omstilling – med mål om å ta vare på natur og redusere arealinngrep. 

Administrasjonen si vurdering 

Kommunedirektøren har lagt fram eit omfattande grunnlag for politikarane. Her blir det vist til både nasjonale føringar, lokale strategiar og konsekvensutgreiingar. 

Kort oppsummert meiner administrasjonen: 

  • Kinn kommune bør legge til rette for noko nye næringsareal kring Florelandet nord. 
  • Utviklinga skal skje i tråd med kommuneplanen sine arealstrategiar, der målet om arealnøytralitet er viktig. 
  • Nye areal kan opnast der det gir stor verdi for grøn omstilling, lokal verdiskaping og arbeidsplassar. 
  • Strenge prosesskrav skal sikre ryddige prosessar, mellom anna med tidleg innbyggarmedverknad, naturverdivurderingar og klimaregnskap.
  • Nokre område bør ikkje utviklast vidare, mellom anna Terøya, der kostnader og negative konsekvensar blir vurdert som for store. 
  • Det er framlegg om å vidareutvikle område som Rota, Årebrotsfjorden og Småsundet, der potensialet for grøn næringsutvikling blir vurdert som stort. 

Neste steg 

Plan- og miljøutvalet gjer si vurdering 9. september. Deretter skal kommuneplanen sin arealdel behandlast i utvalet 14. oktober, med forslag om å sende planen ut på ny offentleg høyring. 

Les meir om saka i møteplanen vår