Skal de søke spelemidlar til anlegg i 2027?Lytt til tekstenStopp avspillingVi minner om viktige fristar for lag og organisasjonar som planlegg å søkje om spelemidlar til anlegg i 2027. Frist for å melde inn anlegget til Kinn kommune er 15. september 2026. Frist for å sende inn søknaden er 1. oktober 2026. Det er viktig å halde begge fristane. Kommunen treng tid til å gå gjennom søknadene, gi råd og førebu sakene til behandling i idrettsrådet og politiske organ.Nye reglar for spelemiddelordningaReglane for spelemidlar er no fastsett i forskrift. Det betyr at både Kinn kommune og Vestland fylkeskommune må følge strengare krav til behandling av søknadene.Det er også gjort fleire endringar i ordninga.Dette er dei viktigaste endringaneFornya søknad fell bort. Alle søknader skal no behandlast som nye søknader etter reglane som gjeld på søknadstidspunktet. De bør derfor kontrollere og oppdatere dokumentasjonen. Tilbod og prisoverslag som ligg til grunn for budsjettet, bør vere oppdaterte.Reglane for kor mykje støtte ein kan få, er endra. Dei såkalla fordelingsnøklane er justerte.Grendalag, velforeiningar og burettslag kan ikkje lenger søkje om spelemidlar gjennom ordninga.Nærmiljøandelen går frå 15% til 10%.Det blir strengare krav til å dokumentere behovet for anlegget. Regionale prioriteringar vil også få større betydning når Vestland fylkeskommune fordeler midlane. Fylkeskommunen skal etter planen vedta ein ny politikk for anlegg og prioriteringar våren 2027.Ein godkjend søknad er ikkje ein garanti for å få pengar. Tidlegare har ei godkjenning i praksis ofte ført til seinare tildeling. Slik vil det ikkje nødvendigvis vere etter dei nye reglane.Godkjend søknad gir ikkje rett til tilskotSpelemiddelordninga er søknadsbasert. Det betyr at ein kan søkje om støtte, men ein har ikkje automatisk rett til å få tilskot sjølv om søknaden oppfyller krava.Det er derfor større usikkerheit knytt til kor mykje støtte eit prosjekt vil få, og om det får støtte.På grunn av denne endringa kan Kinn kommune ikkje lenger betale ut forskot på spelemidlar berre på grunnlag av ein godkjend søknad. Publisert 10.09.2026 13.09 Sist endra 10.09.2026 13.09