Sjå LEV VEL sitt kultur- og aktivitetsprogram for vinter/vår 2024

Her kan du sjå LEV VEL sitt kultur- og aktivitetsprogram for vinter/vår 2024 i Florø og omland. 

SJå programmet for vinter/vår 2024 (PDF, 14 MB)

Kva er LEV VEL?

LEV VEL – kultur for helsa, er Kinn kommune sitt arbeid innan kultur og helse, livskvalitet og musikkterapi. LEV VEL er organisert gjennom kommunalområde helse og velferd, og arbeider tett i samarbeid med kultur og fritid. Helse og velferd legg til rette for gode kvardagar og livskvalitet for innbyggjarane, uansett fase i livet. Andre samarbeidspartar som Kystmuseet, Havglytt, Origod, Kinn kyrkjekontor, pensjonistlaga, senioruniversitetet og ulike lag og organisasjonar er med å bidra til at vi kan invitere til ulike lågterskeltilbod for vaksne.

LEV VEL ønskjer å fremje eit breidt spekter av aktiviteter ute i lokalsamfunnet, med alt i frå større kulturelle arrangement, til møte mellom menneskje, ein-til-ein.

Kven er i LEV VEL-teamet?

  • Jorunn Bakke Nydal, fagleiar miljø, musikkterapi og livskvalitet
  • Martine Bortheim, samfunnskoordinator
  • Tore Skarstein, kokk, Bordgleder

Kvifor kultur og aktivitet?

Kultur har stor betyding for fellesskapet og kvar enkelt av oss. Kulturoppleving og deltaking kan gje oss ei kjensle av samhald, samanheng og gode kvardagsopplevingar. Anten ein er ung eller gamal, kan det å delta på kulturaktivitetar bidra til å halde oss friske lenger.